Ny prodekan for forsking ved HSL

Ann Therese Lotherington vert ny prodekan for forsking ved HSL-fakultetet frå 1. september 2018.

Brøndbo, Stig
Publisert: 30.05.18 07:00 Oppdatert: 04.01.19 11:26

 I september vert Ann Therese Lotherington ny prodekan for forsking ved HSL-fakultetet. Fram til sommaren vil hun vera i Washington DC for å jobba med eiga forsking. Foto: Privat

– Eg er veldig glad for at Ann Therese har takka ja til jobben som prodekan for forsking, seier Sonni Olsen, dekan ved Fakultetet for humaniora, samfunnsvitskap og lærerutdanning. Då ho presenterte sitt nye dekanat i desember 2017, var Marie-Theres Federhofer med vidare inn i ein ny periode som prodekan for forsking. Så dukka det opp eit unikt jobbtilbod i Tyskland, og etter 23 år ved UiT reiser dagens prodekan for forsking til Berlin hausten 2018 for å ta fatt på Henrik Steffens-professorat.

Røynd erstattar
Med seg inn i den nye jobben sin som prodekan for forsking, har Ann Therese Lotherington lang røynsle som forskar ved fleire institusjonar.

Professoren i sosiologi har vore forskingsleiar i forskingsselskapet Norut Tromsø og visedekan for forsking ved Nord universitet i Bodø. Dei siste fire åra har Lotherington vore leiar for Senter for kvinne- og kjønnsforsking ved HSL-fakultetet.

Gleder seg

– Eg gleder meg til å ta fatt på jobben, seier Ann Therese Lotherington. I dag er ho i Washington DC, der ho jobbar med forskarprosjektet sitt om kunstintervensjonar i omsorgen for demente.
– Eg ser på korleis kunstopplevingar kan skapa situasjonar der personar med og utan ein demenssjukdom gjensidig kan gjera dagleglivet til kvarandre rikare, og korleis kunnskap om slike situasjonar kan bidra til å nyansera oppfatninga vår av livet med demens – ein sjukdom som dei fleste på eit tidspunkt i livet vil måtta forhalda seg til, seier ho.

Kjønnsperspektiv
Lotherington startar i jobben som prodekan for forsking til hausten.
– Fram til eg tiltrer i september vil eg gjera meg godt kjend med det Marie-Theres har bygt opp, for å vidareutvikla det på dei områda der eg har styrken min. Det gjeld særleg utvikling av forskingsprosjekt, kjønnsperspektiv i forsking og tilhøvet til Noregs forskingsråd, seier Lotherington.
– Ann Therese har ein viktig kompetanse og røynsle som dekanatet treng, og som vil koma heile fakultetet til gode, seier dekan Sonni Olsen.

Brøndbo, Stig
Publisert: 30.05.18 07:00 Oppdatert: 04.01.19 11:26
Vi anbefaler