Jubileumsåret er sparka i gang

UiT skal feire 50-årsjubileet gjennom heile 2018. Fredag gjekk startskuddet for bursdagsåret.
Torsøe, Mathilde
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Mathilde Torsøe og Henriette Leine Wangen
Publisert: 12.01.18 00:00 Oppdatert: 26.01.18 08:39
Tromsø Alta Hammerfest Kirkenes Harstad Narvik

Rektor Anne Husebekk innleia jubilumsåret 2018 frå Solplassen ved UiT i Tromsø. Foto: David Jensen

Tidligere vinner av Sami Grand Prix, og nå medieproduksjonsstudent Inger Karoline Gaup joiket til de oppmøtte. Foto: Tommy Hansen

Regn i lufta og mørketid la ingen dempar på UiTs kick-off for 50-årsjubileet, som vart markert på alle universitets studiestader fredag. Snarare tvert imot, vêrforholda gav ei perfekt ramme for fyrverkeriet som gjekk av på slutten av arrangementa på fleire av studiestadene.

I år er det 50 år sidan Stortinget fatta det modige vedtaket om å opprette eit universitet i nord – eit vedtak som har betydd svært mykje for utviklinga i landsdelen. Det var også noko av det rektor Anne Husebekk la vekt på under sin tale på kick-off'en.

– Merk dykk talet 58.000. Det er det estimerte talet på studentar som har vorte uteksaminert frå UiT gjennom historia. Og dei fleste har vorte igjen i Nord-Norge etter studiane, og bidrege til verdiskaping i landsdelen. UiT vil spele ei enda viktigare rolle for utviklinga i Arktis dei neste 50 åra enn dei 50 føregåande, sa ho. 

Statsminister Erna Solberg var blant dei som ga UiT gratulasjonar og helsingar på dagen, i ein video UiT har produsert i samband med jubileet. På fredag vart den vist fram på alle studiestadar. I videoen framhevar statsministeren mellom anna at UiT har vore ein pioner og nybegynnar på mange område, mellom anna for å betre helsevesenet. 

– Universitetet gjorde byen langt større

Kristin Røymo (Ap) , ordførar i Tromsø, heldt tale under arrangementet i Tromsø. Hennar hovudbodskap var at det å ha eit universitet er ei gåve for ein by og eit samfunn.

– UiT har vore og er ufatteleg viktig for heile regionen. På mitt kontor har eg ei tidslinje over viktige hendingar i Tromsøs historie. Etableringa av universitetet markerer eit stort skilje, før universitetet kom var Tromsø eigentleg berre ein småby. Universitetet har ført til at byen i dag er hovudstaten i Arktis og verkeleg ein verdsby, sa Røymo frå scenen. 

Ho peika på at Tromsø i dag har rundt 12.000 studentar frå 80- 90 ulike land. 

– UiT kjem til å bli veldig viktig for å løyse dei store utfordringane i framtida. Gratulerer så mykje! 

Eit forrykande fyrverkeri over UiT i Narvik og Narvik by avslutta arrangementet i nordlandsbyen. Foto: Espen Eidum

Feiring i heile landsdelen 

Ordføraren tok turen innom fleire av opningsarrangementa på UiTs ulike studiestadar. Fyrverkeri og musikalsk innslag var òg ein fellesnemnar for mange av arrangementa.

– Etableringa av et universitet i Nord-Norge vart i si tid omtala som eit eksperiment. Ein kan vel i ettertid i så fall seie at det var eit vellykka eit, sa dekan Bjørn Solvang ved IVT-fakultetet i si helsing i Narvik. 

Han drog linjene frå den første etableringa av høgare utdanning i Narvik og til dagens universitet – og kunne fastslå at kampen om å få høgare utdanningsinstitusjonar i nord har gjeve resultat. Narvik-ordfører Rune Edvardsen gratulerte med dagen og slo fast at universitetet har eit nordnorsk samfunnsoppdrag.

Feiring i Tromsø. Foto: David Jensen

– Eg er stolt av UiT og UiT i Narvik. Fusjonen gjer at miljøa i Tromsø kan spele på sterke fagmiljø i Narvik. Eg opplever at UiT i Narvik ikkje «berre» er ein hjørnesteinsbedrift i byen, men stadig oftare vert omtala som navet i samfunnsutviklinga i lokalsamfunnet, sa han. 

I Bardufoss deltok totalt 44 studentar og 25 tilsette både frå luftfartsfag og UiT/Næringshagen. Det var noko trongt om plassen, men bollar, brus og kaffi sørga for god stemning. 

I Hammerfest markerte UiT opninga av jubileumsåret med ballongar, makronar, cider og vakker song av Helene Holm-Glad. 

Også i Harstad var det musikalsk innslag og fyrverkeri. UiT i Harstad hadde invitert barnehagebarn, og dei vart underheldt av cellist og fylkesmusikar Runa Bergsmo. Ho har laga ein barnemusikalsk førestelling som ho framførte delar av. 

Feiring i Harstad Foto: Kjetil Nillsen

– Kick-off'en var kjempevellykka. God stemning, opphaldsvêr og stort fyrverkeri, seier Kjetil Nilsen, rådgjevar ved UiT i Harstad. 

Blant gjestane på arrangementet i Kirkenes var det norske Barentssekretariatet og Russlands generalkonsulat i Kirkenes -  som begge markerer 25-årsjubileum i år. 

– Kirkenes står verkeleg i jubileets teikn i 2018, seier Unni Sildnes, samfunnskontakt ved UiT i Kirkenes. 

Ved UiT i Alta samla deltakarane seg i Alta kultursal før fyrverkeriet gjekk av ute. Inne fekk dei varme helsingar mellom anna frå ordførar Monica Nielsen. Inger Karoline Gaup, tidlegare vinnar av Sami Grand Prix og nå medieproduksjonsstudent, stod for eit musikalsk innslag med joik. 

Kristin Røymo, ordførar i Tromsø, på scenen i Tromsø. Foto: David Jensen

300 arrangement gjennom året

Lena Glosemeyer Fangel og Nora Kiil, prosjektleiarar for jubileet, synest det er spanande at jubileumsåret no offisielt er i gang. 

– 2018 vert eit år fullt av hendingar, og vi ser fram til å bidra til å synleggjøre universitetets betyding for menneska i landsdelen, seier Fangel. 

Ifølge Kiil vert hovudfokuset gjennom jubileumsåret å vise fram universitetet som ein viktig samfunnsaktør, samt å vise fram UiTs bidrag og betyding innan utdanning, forsking, forskingsformidling og innovasjon.

–  I jubileumsåret skal det arrangerast rundt 300 arrangement i stort og smått. Mange av desse vil vere tilgjengelege for folk flest, og vi håper at vi med alle desse arrangementa vil gje publikum gode opplevingar, og litt meir innsikt, nye perspektiv og kunnskap. Vi gler oss! seier ho.   

I Kirkenes var det kick off for jubileumsåret med tilsette, inviterte gjester, studentar og DigForsk-medarbeidarar. Foto: UiT

Torsøe, Mathilde
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Mathilde Torsøe og Henriette Leine Wangen
Publisert: 12.01.18 00:00 Oppdatert: 26.01.18 08:39
Tromsø Alta Hammerfest Kirkenes Harstad Narvik
Vi anbefaler