Dyreplankton i Arktis vil ha det mørkt

Forskarar ved UiT og NTNU har funne ut at marine økosystem i Arktis er spesielt sårbare for lysureining. Til og med forskingsskip kan få organismane i havet til å dukke lengre ned i mørket.

plankton i et mørkt hav
Forskarar frå UiT og NTNU har funne sensitivitet mot lysureining hos dyreplankton i Arktis. Foto: Geir Johnsen
Portrettbilde av Bludd, Ellen Kathrine
Bludd, Ellen Kathrine ellen.kathrine.bludd@uit.no Kommunikasjonsrådgiver
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Ellen Kathrine Bludd
Publisert: 10.05.22 00:00 Oppdatert: 02.01.23 10:18
Arktis Hav Klima

Til kvar tid opplever halvparten av jorda mørke, og vi som bur på den nordlege halvkula opplever lengre mørkeperiodar enn andre. Ved hjelp av banebrytande metodar og eit sjølvgåande overflatefartøy, har forskarar frå UiT Noregs arktiske universitet og NTNU studert åtferda til dyreplankton i Arktis i polarnatta. Forskarane fann at dei små dyra viser ein sterk påverknad frå lysureining, medan i miljø som er fri for kunstig lys har dyreplankton eit tett samspel med det naturlige lysregimet, også i mørketida.

Les også: Havets løyndomar vert henta opp frå djupet

Unngår lys

Professorane Jørgen Berge og Geir Johnsen forskar på marine økosystem i polarnatta. Foto: Ole M. Rapp

Dyreplankton over heile verda bevegar seg vertikalt i løpet av døgnet som eit resultat av naturlige lysforhold. Dei må ned i det mørke djupet for å unngå predatorar som brukar lys for å sjå byttet sitt. Då denne prosessen er karakteristisk for alle hava i verda, og inkluderer størstedelen av dyreplankton og fiskesamfunnet, er det ein svært viktig prosess for å kunne forstå korleis det marine systemet fungerer. Også i Arktis skjer denne vertikalmigrasjonen, sjølv om sola aldri kjem over horisonten i vinterhalvåret.

– Resultata våre viser ei til no ukjend åtferd, vertikalmigrasjon over svært korte avstandar, berre 6 til 8 meter, fortel professor i marinbiologi ved UiT Jørgen Berge.  

Studien som vert publisert i det anerkjende Science Advances og gir ny innsikt til dette forskingsfeltet. 

– Vi har nettopp begynt å forstå at organismer vert påverka av lysforhold som er vanskelig å måle, sier Jørgen Berge. 

Dette stadfester at til og med i polarnatta skjer dei vertikale rørslene under minimale lysforhold. Difor er det viktig å få målt naturlege rytmar og rørsler med minst mogeleg lysureining frå forskingsskip, fortel forskaren, som akkurat no er på nytt forskingstokt aust for Svalbard for å gjere oppfølgingsstudiar. 

Mørkets fartøy

Det var ved hjelp av eit sjølvgåande overflatefartøy (ASV - autonomous surface vehicle) det vart mogeleg for oss å faktisk studere dyreplanktonsamfunnet i polarnatta. Overflatefartøyet - ein bygd om og motorisert kajakk, også kalla ein jetyak - vart brukt."

Professor i marin teknikk Martin Ludvigsen frå NTNU. Foto: NTNU

– Jetyak har god plass til vitskapelege instrument og sensorar, og computerane ombord køyrer ei programvare med open kjeldekode for kontroll, kommunikasjon og navigasjon for systemet, fortel professor i marin teknikk Martin Ludvigsen frå NTNU.

– Dette gjer det mogeleg å teste eigne løysingar, men også å bruke resultata frå andre forskarar vi samarbeider med. Ludvigsen fortel at farkosten er eit fleksibelt verktøy for utvikling av meir effektive konsept og datainnsamling i marin forsking.

Ved hjelp av programmering og fjernstyring kunne forskarane gjere målingar mange kilometer unna forskingsskipet dei sjølv var om bord på, slik at datainnsamlingane vart gjort i mørket, utan kunstig lys frå skipet. Dermed var målingane av dyreplankton og lysforhold heilt ulike dei som fanst nær forskingsskipet.

Resultata var nedslåande: Det viser seg at lysureininga påverkar organismane heilt ned til hundre meters djup, dei rømmer altså frå kunstige lyskjelder som for eksempel lyset på dekk om bord på eit forskingsskip. Dette betyr at ein må endre på metodane ein brukar når ein forskar på dyreplankton i mørket, slik at forskingsfartøyet ikkje bidreg til at ein får ukorrekte resultat.

Artikkelen held fram under bildet. 

Vatnfartøydd jetyak i månelys. Foto: Ole M. Rapp

Lys som ureining

I Arktis kan lysureining bli eit aukande problem når havisen smeltar, både fordi isen i seg sjølv er ein lysbarriere og ved aukande skipstrafikk når havet blir isfritt. Denne studien viser at organismar vert meir påverka av lysureining enn ein hadde trudd tidlegare, noko ein må ta omsyn til når ein forvaltar desse områda for skipstrafikk og anna menneskeleg påverknad.

– Dette viser eit potensial for lysureining som vi til no ikkje har hatt kontroll på. Studien er difor viktig fordi han både gir ny kunnskap om korleis det arktiske marine systemet fungerer i mørketida, og det gir eit heilt nytt perspektiv når det gjeld framtidig forvaltning av nordområda, meiner Berge.

Vi må rett og slett ta inn over oss at lys er ureining, og at jo mørkare eit miljø er, jo viktigare blir denne ureiningskjelda, seier Jørgen Berge.

Les heile artikkelen i Science Advances her: Use of an Autonomous Surface Vehicle reveals small-scale diel vertical migrations of zooplankton and susceptibility to light pollution under low solar irradiance. 

Bludd, Ellen Kathrine ellen.kathrine.bludd@uit.no Kommunikasjonsrådgiver
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Ellen Kathrine Bludd
Publisert: 10.05.22 00:00 Oppdatert: 02.01.23 10:18
Arktis Hav Klima
Vi anbefaler