Forskarpris til nytenkande arkeolog

Bjørnar Olsen fekk i dag HSL-fakultetet sin ærespris for forsking for å vere ei nyskapande drivkraft i arkeologimiljøet lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Utdanningsprisen gjekk til PPU-Yrkesfag.
Brøndbo, Stig
Publisert: 08.12.17 19:00 Oppdatert: 25.01.18 10:03

Professor i arkeologi Bjørnar Olsen takka dekan Sonni Olsen (t.h) og prodekan for utdanning Cathrine Theodorsen for årets forskarpris. I si takketale delte han prisen med sin forskarkollega Þóra Pétursdóttir og resten av fagmiljøet ved Institutt for arkeologi, historie, religionsvitskap og teologi. Foto: Stig Brøndbo
Clas Dale og Mona Pettersen Rist mottok årets ærespris for utdanning på vegne av fagmiljøet PPU-Yrkesfag i Alta og Tromsø. Foto: Stig Brøndbo
Formidlingsprisen gjekk til historikarane som dei siste fire åra har formidla fag offentleg i snitt kvar tredje dag. Prisen vart teke imot av Sigrun Høgetveit Berg. Foto: Stig Brøndbo
Leiar av studieadministrasjonen ved ILP, Trude Steingård, var ein av to mottakarar av prisen som Årets HSLer. Foto: Stig Brøndbo
Leif Martinsen og Torje Jenssen fikk pris som Årets HSLer for å vere fagleg dyktige, sørvisinnstilte og for å spre munterheit og glede. Foto: Stig Brøndbo

– For Bjørnar Olsen handlar arkeologi langt frå berre om fortida, for fortida og arkeologien er i samspel med samtida og samfunnet, sa dekan Sonni Olsen då ho grunnga prisen. Ho trakk også fram tre overordna tema som har prega Bjørnar Olsen si forsking frå 1980-talet og fram til i dag:

  • Samisk arkeologi
  • Materiell kultur og teoretisk arkeologi
  • Samspelet mellom arkeologi og dagens samfunn.

– Han har utmerkt seg i løpet av ein lang karriere, og han står midt oppe i han framleis som leiar av to store og pågåande prosjekt. Han har i heile karrieren sin vore ei fagleg nytenkande drivkraft lokalt, nasjonalt og i vidare forstand også internasjonalt, sa Olsen.

Tenker nytt
Også årets utdanningspris gjekk til eit fagmiljø som tenkjer nytt.
– I sitt arbeide med å utdanne best mogleg lærarar til ein yrkesfagleg vidaregåande skole i stadig endring, har fagmiljøa ved PPU-Y (praktisk pedagogisk utdanning – yrkesfag) i Alta og Tromsø utvikla nye studieplanar og nye læringsfokus som heile tida har vore grunngitt i praksis og skoleutvikling, sa Sonni Olsen då ho grunnga utdanningsprisen. Ho viste også til at PPU-Y i ei ekstern evaluering våren 2017 fekk svært gode tilbakemeldingar for både si tilnærming til læring og fokuset på studentaktive læringsformer.

Kvar tredje dag
Årets formidlingspris gjekk til historikarmiljøet for sitt kontinuerlege arbeid med allmennretta formidling.
– Fleire representantar frå historikarmiljøet i Tromsø har tidlegere fått forskingsprisen. Men i dag skal det altså handle om formidling til ålmenta, og vi snakker om eit fagmiljø som kvar tredje dag i perioden 2014-2017 har levert eit foredrag, ein kronikk, eit intervju, eit lesarinnlegg eller ei melding, sa Sonni Olsen. Ho berømma fagmiljøet for å bidra med formidling på fleire nivå, alt frå vekentleg quiz på si eiga FB-side til å stille opp når historiske milepælar skal kommenterast eller formidlast.

Delt pris
I grunngjevinga for prisen for Årets HSLer, sa dekanen at årets jury igjen hadde svært mange gode kandidatar å velje mellom, og at dei til slutt måtte dele årets pris mellom to verdige vinnarar.
– Vi tolkar dei mange nominasjonane som at HSL er ein arbeidsstad kor folk trivst, og særleg når ein har nokon i nærleiken som bidreg til glede og arbeidslyst, sa Olsen før ho avslørte årets prisvinnarar:

  • Trude Steingård, leiar av studieadministrasjonen ved ILP i Tromsø
  • Leif Martinsen og Torje Jenssen, frå HSL-trykkeriet

– Trude sine medarbeidarar har i sin nominasjon lagt vekt på at dei set stor pris på hennar imøtekommande personlegdom, opne dør, motiverande framtreden, organisering av arbeidsteam, tillit – og at ho bideg sterkt til å skape eit sterkt og godt arbeidsmiljø, sa Sonni Olsen.
Sørvis og humør
Også  ”gutta på trykkeriet” får skryt for å bidra til godt arbeidsmiljø på fakultetet.
– Dei sprer smil og glede, dei stiller opp og hjelper administrasjonen med stort og smått og dei har berga oss mang ein gong gjennom å la oss snike litt i køa når vi har vore for seine til å bestille tenester. På grunn av omorganiseringar kan dette dessverre vere den siste moglegheita vi får til å gjøre stas på dei på fakultetsnivå, og kollegaane som har nominert Leif og Torje synest difor at det er på høg tid at dei får all den ære og berømmelse dei fortener, sa dekan Sonni Olsen.

Brøndbo, Stig
Publisert: 08.12.17 19:00 Oppdatert: 25.01.18 10:03
Vi anbefaler