Avtale mellom UiT og Storfjord kommune

UiT og Storfjord kommune har inngått ei intensjonsavtale som mellom anna inneber spennande planar om eit tverrfagleg senter for nordlysaktivitetar retta mot publikum.
Solhaug, Randi Merete
Publisert: 04.12.17 00:00 Oppdatert: 25.01.18 09:46

Rektor Anne Husebekk og ordførar Knut Jentoft underteikna nyleg ei intensjonsavtale mellom UiT og Storfjord kommune. 

I samband med etableringa av Eiscat-anlegget i Skibotn, inngjekk Storfjord kommune og UiT Noregs arktiske universitet ei samarbeidsavtale om utvikling innanfor fleire område. Avtala er utvikla etter ønske fra begge partar og vart inngått fredag 1. desember. 

Avtala omfattar utvikling av eit forpliktande samarbeid der UiT Noregs arktiske universitet og Storfjord kommune i samarbeid skal bidra til utvikling av Storfjord på følgande område: innovasjon og lokal næringsaktivitet, tilrettelegging for auka kunnskapsbasert turisme og auka fokus på formidling av kunnskap og geovitskap, biologi og romfysikk, som nordlysforsking og astronomi, samt kunst- og kulturfag, historie og reiselivsfag.

Intensjonsavtala omfattar følgande:

  • Utleige av feltstasjonen i samhøve med inngått avtale.
  • Utvikle feltstasjonen vidare, med hovudidé om å etablere eit nytt bygg for formidling av kunnskap, og tidsmessig innkvartering av forskarar og fagfolk.
  • Utvikle ein overordna idé om eit tverrfagleg senter (romfysikk, historie, samfunnsvitskapleg, turisme m.m) for nordlysaktivitetar retta mot publikum, og her vil Skibotn og Storfjord få ei sentral rolle på grunn av veldig gode observasjonsforhold. UiT og Storfjord vil samarbeide om å skaffe finansiering til dette.
  • Utvikle feltstasjonen vidare, med rehabilitering av det optiske observatoriet og gjera det meir tilgjengeleg for ålmenta.
  • Støtte opp under og bistå Storfjord kommune sine strev og idear for etablering av infrastruktur og industriutvikling innan feltet fornybar energi.
  • Støtte opp under Storfjord kommune sine planar for etablering av industriområde i Skibotndalen.

Les også: EISCAT_3D - Nå starter byggingen av det nye millionanlegget

Solhaug, Randi Merete
Publisert: 04.12.17 00:00 Oppdatert: 25.01.18 09:46
Vi anbefaler