Lyst til å studere hundekjøring og oppleve Finnmarksløpet på nært hald?
Hundekjøring er ein fantastisk aktivitet og ei spennande idrettsgrein der samarbeid mellom menneske og dyr er grunnlaget. UiT har ledige studieplassar i hundekjøringsemnet til vinteren. Vinterens vakraste eventyr – Finnmarksløpet – er ein av læringsarenaane.
UiT var det første universitetet i verda som starta opp eit studium i hundekjøring. 1. desember er søknadsfristen for vinterens fantastiske studiemoglegheit .
Hundekjøringsfaget organiserast i eit emne med ti studiepoeng. Dette er eit samlingsbasert emne som gir formell kompetanse for deg som driv med hundekjøring i arbeidskvardagen eller på fritida. Innhaldet i emnet spenner frå engasjerande forelesingar i etikk og dyrevelferd til ein tredagars tur med hundespann på vidda.
Dette er ein tur som gir deg fantastiske opplevingar i storslått natur.
Det er også mogleg å følgje Finnmarksløpet 2019 på kloss hald som ein del av utdanninga.
Meir informasjon om opptakskrava, emnet sitt innhald, undervisning og eksamen finn du her.
For å melde deg opp i emnet må du vere enkeltemnestudent ved UiT Noregs arktiske universitet. Søknadsfristen er 1. desember 2017 og du søkjer her.
Ta kontakt med maja.k.olsen@uit.no dersom du har spørsmål.
Les meir om UiT sitt engasjement i Finnmarksløpet.
Velkommen som student ved UiT Noregs arktiske universitet!