Desse vil bli dekanar ved Helsefak og Jurfak

Fem søkarar ønskjer å bli dekan ved Det helsevitskaplege fakultet.  Ved Det juridiske fakultet er det ein søkar.
Solhaug, Randi Merete
Publisert: 03.11.17 15:00 Oppdatert: 24.11.17 16:32

Som følgje av at UiTs styre i juni vedtok å redusere talet på fakultet fra åtte til seks, ble det tidlegare i haust utlyst seks dekanstillingar. Fire av stillingane er no besett, medan to dekanstillingar vart lyst ut igjen. Søknadsfristane for stillingane som dekan for Det juridiske fakultet og dekan for Det helsevitenskapelige fakultet var høvesvis 1. og 2. november.

– Dels som følgje av at søkarar har trekt seg, og dels som følgje av dei vurderingane tilsettingsutvalet har gjort, har vi valt å opne for nye søkarar på to av dekanstillingane, på Det juridiske fakultet og på Det helsevitskaplege fakultet, opplyser fungerande universitetsdirektør Jørgen Fossland.

No er søkarlistene offentleggjort.

Helsefak

Til stillinga som dekan ved Det helsevitskaplege fakultet (Helsefak) er det fem søkarar: 

  • Vinjar Fønnebø (65), professor og direktør
  • Gunnar Leivseth (65), instituttleiar ved IKM, Det helsevitskaplege fakultet
  • Thrina Loennechen (65), instituttleiar
  • Søkar er unnteke offentlegheit, mann
  • Gunbjørg Svineng (49), konstituert instituttleiar

Jurfak

Professor Lena Bendiksen ved Det juridiske fakultet. Foto: Trude Haugseth Moe

Til stillinga som dekan ved Det juridiske fakultet (Jurfak) er det ein søkar: 

  • Lena Bendiksen (45), professor ved Det juridiske fakultet, UiT

Dekan er øvste leiar av eit fakultet, retta mot undervising og forsking, innan eitt eller fleire nærskylde fagfelt. Dette inneber ivaretaking av den samla verksemda til fakultetet, i ein sentral leiarposisjon, saman med prodekan og fakultetsdirektør.

 

Solhaug, Randi Merete
Publisert: 03.11.17 15:00 Oppdatert: 24.11.17 16:32
Vi anbefaler