Nesten 850 ungdommar inntek universitetet: – Konseptet er heilt nytt

Neste veke er elevar frå vidaregåande skular invitert til open dag på UiT Norges arktiske universitet. – Vi opnar opp universitetet for å vise breidda av studium vi tilbyr.
Torsøe, Mathilde
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Mathilde Torsøe
Publisert: 13.10.17 00:00 Oppdatert: 16.10.17 11:32
Tromsø

NYTT KONSEPT: Tysdag 17. oktober kan vgs-elevar frå Troms få med seg ein innhaldsrik dag på UiT i Tromsø. Bildet er frå ein tidlegare fagpresentasjon på UiT. Foto: UiT Norges arktiske universitet

Stine-Marie Andreassen, marknads- og kommunikasjonsrådgjevar og ansvarleg for arrangementet, lovar ein dag fullspekka med aktivitetar på UiT i Tromsø neste tysdag.

På den opne dagen kan elevane frå vidaregåande skular mellom anna oppleve korleis verda ser ut gjennom «virtual reality»-briller, dei kan besøke rettssalen på UiT og høyre på populærvitskapelege foredrag. Alle fakulteta og nesten 70 studiar ved UiT vil vere representert på standar denne dagen.  

– Eg gler meg mest til å sjå alt det spennande som skjer på den opne dagen. Elevane kan gjere alt frå å kjøre segway til å dra på konsert med studentane frå Det kunstfaglege fakultet. Eg vil påstå at det er noko for ein kvar smak denne dagen, seier Andreassen og smiler.

Ufarleggjere studielivet

Nesten 850 elevar har meldt seg på arrangementet. Det har tidlegare vore opne dagar på UiT for vidaregåande skular,  men arrangementet førstkomande veke skil seg ut.  

STORT TILBOD: Marked- og kommunikasjonsrådgiver Stine-Marie Andreassen seier at elevane mellom anna kan prøve ferdigheitssenteret på Universitetssjukehuset Nord-Norge (UNN) på den opne dagen. Foto: David Jensen Foto: David Jensen

– Dette er eit heilt nytt konsept. På tidlegare opne dagar har vi berre hatt fagpresentasjonar kor vi har presentert studietilbodet vårt i ein time. Denne gongen får elevane også gjort mykje anna, mellom anna kan dei snakke med studentar og fagtilsette på studia dei er interessert i, og prøvd ut aktivitetar knytt til studia. Vi håper elevane får mykje ut av dagen, seier Andreassen.

– Vi arrangerer den opne dagen fordi vi verkeleg vil at elevane skal sjå kva universitetet har å by på. Vi vil at dei skal få ei større forståing for universitetet og studentlivet, og kanskje ufarleggjere litt det å studere ved eit universitet, held ho fram.

Eit av foredraga har namnet «Bør du tøye ut etter trening?», og tek opp det som truleg er ein høgst aktuell problemstilling for ungdommar.

Første gong med app

Rekrutteringsavdelinga ved UiT går nye vegar for å nå elevane. Dei har laga applikasjonen «UiT Åpen dag», og det er her ungdommane finn det fullstendige programmet for den opne dagen. Ved hjelp av app’en kan dei også navigere seg rundt på universitetet. Andreassen seier det er fleire grunnar til at dei har valt gjere det på denne måten.

– Ungdommar går stort sett med mobilen på seg heile tida. Difor trur vi det passar dei bra å få informasjon om arrangementet gjennom mobilen. Det vanlege er å dele ut brosjyrar på slike arrangement, men dei er det lett å miste og vert gjerne kasta etterpå. I tillegg er det meir miljøvenleg å sleppe å trykke opp papir-brosjyrar.

Arrangementet er lagt til oktober fordi det er eit tidspunkt elevane ikkje har så fullt program på skulen – det er framleis lenge til eksamenstida.

– Dei fleste utdanningsarrangement skjer frå januar til april, og fristen for å søke studiar er 15. april. Vi ønskjer å gi elevane input om høgare utdanning ei god stund før dette, for å setje i gang tankeprosessen. Då er det kanskje lettare å velje studiar når den tid kjem, seier Andreassen.

Det heile går føre seg i Solhallen i Teorifagbygget (Hus 1), tysdag 17. oktober frå klokka 09.30 til 14. 

Torsøe, Mathilde
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Mathilde Torsøe
Publisert: 13.10.17 00:00 Oppdatert: 16.10.17 11:32
Tromsø
Vi anbefaler