Antibiotikabruk på norsk sjømat: Senka med 99 prosent

Norsk sjømatnæring har gjort ein formidabel innsats for å få bort antibiotikabruk. Derimot er importert sjømat eit dystert kapittel.
Øvreberg, Elisabeth
Publisert: 11.10.17 00:00 Oppdatert: 29.01.18 17:34
Tromsø

Fiskerinæringen i Norge
Norsk fisk er fri for antibiotikaresistente bakteriar. Det viser ein ny rapport som har kartlagt norskprodusert sjømat.
Foto: Lawrence Hislop www.grida.no/resources/1885

Det viser den nye NORM-rapporten (Norsk overvakingssystem for antibiotikaresistens hos mikrobar), som kjem ut kvart einaste år. Rapporten kartleggar mellom anna antibiotikabruk og funn av antibiotikaresistente bakteriar i sjømat.

– Rapporten viser at vi brukar suverent minst antibiotika i verden innan dette feltet, seier professor Ørjan Olsvik ved UiT.

99 prosent reduksjon

Han er veldig nøgd med innsatsen som er gjort i sjømatnæringa. Frå 2012 til 2016 har nemleg bruken av antibiotika sokke frå 1591 kilo årleg til 201 kilo.

– No vert berre to typar antibiotikum brukt. Med tanke på at vi i 1987 brukte opp mot 50.000 kilo antibiotikum på oppdrettfisk årleg, har endringane vi har gjort vore suksessfulle, seier Olsvik.

Sjølv konkluderer NORM-rapporten med at antibiotikum til oppdrettfisk har vorte redusert med 99 prosent sidan 1987, og at vaksinasjon av all oppdrettfisk har vore den norske løysinga for å få bukt med overforbruket av antibiotikum.

Alvorlege funn i importert sjømat

At norsk sjømat er utan tilsett antibiotikum er bra, men difor er det synd at importert sjømat ikkje har same standard.

I NORM-rapporten står det at det er funne multiresistente bakteriar i importert sjømat.

– I tillegg viser resultata at enkelte av desse importerte sjømatprodukta er kontaminert med bakteriar resistente mot antibiotikum definert av WHO som kritisk viktige for handsaming innan humanmedisin, vert det skrive i rapporten.

– Det vil seie at oppdrettarane har brukt medisinar som aldri skulle ha vore brukt til matindustri. Dette er antibiotikum som eigentleg berre skal brukast på menneske, kommenterer Olsvik.

– Kva slags sjømatprodukt er det snakk om?

– For det meste scampi.

Moderne medisin verkar ikkje

Årsaka til at dette er svært kritikkverdig, òg farleg, er at vi gjennom maten får i oss antibiotikaresistente bakteriar. Viss omfanget av denne ulovlege antibiotikabruken i matproduksjon held fram, vil vi i framtida ikkje lenger ha medikament som kan kurere infeksjonar.

Les også: Kampen 

Ein ser allereie at antibiotikum har slutta å verke i store delar av Asia. Også i Afrika byrjar antibiotikaresistens å ta liv, og no har også Norge hatt sitt første dødsfall der en pasient døydde etter å ha fått infeksjon i eit brannsår.

– I post-antibiotisk tid, når antibiotikum ikkje lenger verkar, betyr det i praksis slutten på moderne medisin. Enkle ting som ei halsinfeksjon eller eit skrubbsår på eit kne, kan igjen bety døyden for eit barn, uttalte Margaret Shan, tidlegare direktør for Verdas Helseorganisasjon (WHO). 

Ørjan Olsvik legg at til når vi ikkje lenger har antibiotikum som verkar, vil all kirurgi bli risikofylt og postoperative infeksjonar ta liv.

– Ortopedi vil neppe kunne gjerast utan effektive antibiotikum. Organtransplantasjonar vil stoppa opp, og kreftkirurgi med påfølgjande kjemoterapi vil sjeldan lukkast, seier han.

Les også: Antibiotikaresistens tek 30.000 liv i Europa årleg

Les også: Antibiotikaresistens: Pasientar dør av bagatellar

Øvreberg, Elisabeth
Publisert: 11.10.17 00:00 Oppdatert: 29.01.18 17:34
Tromsø
Vi anbefaler