Hurra for jubilantane!

Ikkje berre ei av utdanningane på UiT kan feire 30 år i år, men to! Jordmorutdanninga og aldring og eldreomsorg har begge nådd ein respektabel alder, og kunne sprette champagnekorken saman.

Wærås, Torgunn
Publisert: 07.09.17 07:00 Oppdatert: 26.10.18 14:06
Tromsø

 

Oppstarten av jordmorutdanninga førde til store overskrifter i lokalpressa. Faksimile: Nordlys

Når ein har nådd alderen 30 år er det ikkje det første jubileet ein feirar. Festligheitene vart rulla i gang med eit stort bilde frå tiårs-jubileet på storskjerm.

 

– Det er 20 år sidan den dagen, men eg syns i grunnen vi berre ser yngre ut i dag, smiler Toril Agnete Larsen, førstelektor ved studieretninga aldring og eldreomsorg.

Koffert med penger

Begge utdanningane starta opp i 1987, jordmorutdanninga i april, og aldring og eldreomsorg i august.

­– På den tida fekk vi berre vår seniorrådgivar Arnfinn Andersen til å ta med seg ein tom koffert og reise til departementet i Oslo for å seie at no trong vi meir pengar, så kom han forhåpentlegvis tilbake med kofferten full, fortel Kari Bjerck, studieleiar ved Institutt for helse og omsorgsfag lattermildt.

 

 

Studenter i opplæring
Gamle minner fra jordmorutdanningen. Bildet er hentet fra jubileumsboka. Foto: Kari Bjerck

Stø kurs

 

Når ein feirar stordag får ein også storfint besøk. Instituttleiar ved helse- og omsorgsfag, Nina Emaus, kom for å gratulere med dagen.

– Dette er to utdanningar som har halde ein stø og fagleg kurs gjennom tallause føringar og fusjonar, sier Emaus.

Mykje har endra seg siden den spede starten, og begge utdanningane har tatt alle omleggingane på strak arm.

– Bak ein stødig kurs står det stødige fagfolk, meiner Emaus.

– I utdanningssamanheng er det stort å bli heile 30 år. Då har ein framleis ungdommens styrke i seg, men tek til å føle seg vaksen, sterk og ansvarleg, meiner Ellinor Beddari, førstelektor ved Institutt for helse og omsorgsfag.

 

Les også: Utfordrende eldreomsorg

Les også: Unik jordmorutdanning til Tromsø?

Wærås, Torgunn
Publisert: 07.09.17 07:00 Oppdatert: 26.10.18 14:06
Tromsø
Vi anbefaler