– Verda ser mot Lofoten i klimaspørsmålet

– Om dei rikaste landa i verda ikkje har råd til å prioritere ein fornybar ressurs som fisken i Lofoten, kven har da råd til å ta klimakampen? spør filosof Øyvind Stokke.
Brøndbo, Stig
Publisert: 07.08.17 00:00 Oppdatert: 31.01.18 13:31

Filosof ved UiT Norges arktiske universitet, Øyvind Stokke, meiner dagens politikarar har noko å lære av antikkens filosofar i debatten om klimarettferd. Foto: Stig Brøndbo
Samfunnsgeograf Berit Kristoffersen er nøgd med at så mange forskarar frå heile verda har engasjert seg i debatten om kutt i produksjonen av fossil energi. Foto: Stig Brøndbo
Forskingsdirektør ved CICERO Senter for klimaforsking, Guri Bang (t.v), førsteamanuensis og samfunnsgeograf ved UiT Berit Kristoffersen og forskar Bård Lahn ved CICERO arrangerte konferansen i Svolvær fredag saman med SEI (Stockholm Environment Institute). Foto: Stig Brøndbo

Here you can find an English version of this article

– Verda ser mot Lofoten og kva Noreg vel å gjere her. Vi har ikkje berre eit lokalt ansvar i høve til fiskeri, turisme og norske arbeidsplassar. Som olje- og gassprodusent har vi òg eit globalt klimaansvar – spørsmålet er om vi er villig til å ta det, seier førsteamanuensis i filosofi ved UiT Noregs arktiske universitet, Øyvind Stokke.

Fredag deltok han på konferansen Confronting the supply-side of fossil fuels: Politics and economics i Svolvær, eit arrangement kor forskarar frå heile verda møttest for å diskutere samanhengen mellom kutt i produksjon av fossil energi og reduksjon i klimautslepp.

Nytt fokus

I 30 år har det vore politisk fokus på å få ned bruken av  fossil energi for å berge klimaet på kloden. Resultatet er, ifølgje forskarane på konferansen i Svolvær, ikkje i nærleiken av det som må til.

– Målet vårt med denne konferansen er å få i gang nye debattar for å finne fleire alternative måtar å møte klimautfordringane på, seier Guri Bang, forskingsdirektør ved CICERO Senter for klimaforsking, som saman med SEI (Stockholm Environment Institute) og UiT Noregs arktiske universitet, stod som arrangør av konferansen på fredagen.

Ny ordbruk

– Vi er nøydde til å endre ordbruken i kampen for klimaet, vi må slutte å snakke om klimamål ingen gjer noko for å nå. Ta 2-gradersmålet til dømes, ingen er usamd i at vi må få ned utsleppa slik at temperaturen ikkje stig med meir enn 2 gradar. Likevel opnar vi nye kolgruver og opnar nye felt for olje- og gassproduksjon som om det ikkje er nokon samanheng, sa Richard Denniss frå The Australia Institute på konferansen.

UiT-filosof Øyvind Stokke er samd med Denniss.

– Sidan 90-talet har det ikkje vore nokon tvil om samanhengen mellom bruk av fossil energi, klimautslepp og helsa til jordkloden. Likevel har Noreg berre gassa på og auka produksjonen av olje og gass. Det er eit paradoks og veldig trist, seier Stokke.

Stort ansvar

– Kampen mot klimaendringane handlar eigentleg om at dei rike landa bør satse aggressivt på fornybar energi. Enkeltmenneskets handlingar er òg viktig, uttalte Øyvind Stokke i eit stort intervju til nettmagasinet Labyrint i ein større reportasje om Arctic Centre for Sustainable Energy - ARC ved UiT.

I sitt foredrag i Svolvær viste UiT-filosofen til berekningar gjort av Stockholm Environment Institute, som seier at Norge har eit moralsk ansvar for å bidra til reduksjon av globale klimagassutslepp tilsvarande ti gonger storleiken på vår eiga befolkning. Årsaka er den massive oljeutvinninga Noreg har stått for gjennom fleire tiår, og den økonomiske kapasiteten dette har gitt til å gå føre og handle.

Tusenårig diskusjon

Spørsmåla om global klimarettferd stod òg sentralt i Stokke sitt foredrag på konferansen på fredag, spørsmål som ifølgje filosofen går heilt tilbake til antikken.

– Aristoteles var oppteke av fordelingsrettferd, og norske politikarar må ta til seg innsikta hans i forbildas betyding på moralens område. Ved å gå føre og ikkje opna LoVeSe for oljeboring vil Noreg setje eit døme for G20-landa på klimafeltet. Men det krev mot – òg det ein viktig dyd i antikken, seier Stokke.

Viktige vegval

– Det som skjer i Lofoten kjem til å leggjast merke til langt utanfor Noregs grenser, nettopp fordi det rikaste landet i verda må ta nokre viktige vegval i samband med stortingsvalet til hausten, meiner førsteamanuensis og samfunnsgeograf ved UiT, Berit Kristoffersen.

Ho er svært glad for at konferansen på fredag klarte å samla så mange internasjonale forskarar i Lofoten.
– Det er viktig at forskarar møtest og diskuterer nye løysingar når det er heilt klart at dei gamle ikkje fører fram. Eg håpar fokuset vårt på konsekvensane av å avgrense produksjon for å oppnå kutt i klimautsleppa kan vere med å markere byrjinga på ein viktig diskusjon som må komme, seier Kristoffersen.

Brøndbo, Stig
Publisert: 07.08.17 00:00 Oppdatert: 31.01.18 13:31
Vi anbefaler