Dei skal sitje i det nye universitetsstyret
I går hadde det gamle styret ved UiT sitt siste styremøte, og frå 1. august 2017 til 31. juli 2021 tar det nye styret over. Fire av dei er eksterne, og Kunnskapsdepartementet har oppnemnt følgjande personar til vervet:
- Anita A. Stenhaug Produksjonsdirektør, Statoil (sit også i dagens styre)
- Lin Marie Holvik Direktør for Kulturtanken – den kulturelle skolesekken
- Stig A. Slørdahl Administrerande direktør i Helse Midt-Norge RHF
- Anders Malmberg Professor og prorektor ved Uppsala Universitet
Som varamedlemer har departementet oppnemnt:
1. Christian Chramer Kommunikasjonsdirektør i NHO
2. Maria Utsi Direktør for Festspillene i Nord-Norge
Anne Husebekk er attvald som rektor og leiar for styret, og ser fram til å leie styret med dei nye medlemene:
– Vi er glade for at KD har funne gode eksterne styremedlemer. Anita Stenhaug representerer kontinuiteten mellom dei eksterne i styret og har næringslivsbakgrunn, Stig Slørdahl har erfaring både frå universitets- og helsesektoren og representerer bindeleddet som skal etablerast (Husebekk-utvalets rapport). Vi ventar oss mykje av bidraga frå Lin Marie Holvik med viktig skole- og kulturbakgrunn og Anders Malmberg med betydeleg universitetserfaring frå Uppsala, og spennande vararepresentantar som begge sit på spesialkunnskap om Nord-Noreg innan kultur og næringsliv.
– Eg ser fram til å leie arbeidet i det nye styret for UiT, og ventar at vi greier å utvikle UiT vidare til eit endå betre universitet, seier rektor Anne Husebekk.
– Eg er veldig glad for at desse dyktige menneska vil vere med og jobbe for at Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet vil halde fram å utvikle seg som eit breiddeuniversitet med arktisk profil. Universitetet tar sitt samfunnsoppdrag på alvor, og er sentralt for utviklinga av Nord-Noreg, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.
Tidlegere i juni blei det også klart kva for interne styrerepresentantar UiT får i det nye universitetsstyret.
For faste undervisings- og forskarstillingar:
Representant: Professor Tore Nesset
Vararepresentant: 1. vara professor Arnfinn Sundsfjord
2. vara førstelektor Wivi-Ann Tingvoll
For mellombelse undervisings- og forskarstillingar:
Representant: Førsteamanuensis Audun Hetland
Vararepresentant: Forskar Hege Lynum Pedersen
For tekniske og administrative stillingar:
Representant: Seksjonssjef Kjersti Dahle (sit også i dagens styre)
Vararepresentant: Kontorsjef Tone Osnes
Studentrepresentantane blir valde for eitt år av gongen, og nye blei valde i april:
- Marte Seland
- Kristoffer Wilhelmsen
Vara for studentrepresentantane:
- Ruben Doornebal
- Aurora Skagen
Tilbake til 11 medlemer
Det gamle universitetsstyret hadde 17 medlemer, på grunn av fusjonen mellom UiT, HiH og HiN. Frå 1. august er det 11 representantar, slik det tidlegere har vore.
Universitetsstyret er UiTs øvste organ og blir valt for fire år av gongen. Studentrepresentantane og representant for vitskapleg tilsette i mellombels stilling blir valde for eitt år av gongen. Universitetsdirektøren er sekretær for styret.