Difor er nokon meir sårbare for å få spiseforstyrringar

Ein stor internasjonal studie, med blant anna norske deltakarar, viser at ein genvariant kan koplast til spiseforstyrringar.
Øvreberg, Elisabeth
Publisert: 30.06.17 00:00 Oppdatert: 29.01.18 17:58
Tromsø

Ung, joggende kvinne
Til saman har 3495 personar med anoreksi og 10.982 personar utan anoreksi delteke i studien, mellom anna nordmenn rekruttert fra Folkehelseinstituttet sine tvillingstudiar. Foto: www.colourbox.com

– At store studiar viser at ein genforstyrring kan vere ei av årsakene til at nokon av oss er meir disponerte for å få ein spiseforstyrring er svært interessant, seier Jan Rosenvinge, professor i psykologi ved Det helsevitskapelege fakultet, UiT.

Han har forska på spiseforstyrringar i 40 år. Både forståinga og behandlinga av spiseforstyrringar har endra seg mykje gjennom desse åra.

Rosenvinge meiner at den ferske studien, som no er publisert i The American Journal og Psychiatry, bidreg  til at kunnskapen om mekanismane bak spiseforstyrringar  utviklast vidare. 

– Det kan òg føre til nye behandlingsformer, seier han.

Ser samanhengar mellom lidingar

Det mest interessante ved denne og liknande studiar, er moglegheitene for å forstå samanhengar mellom ulike typar mentale og somatiske lidingar, meiner Rosenvinge.

– Dagens diagnosemanualar over mentale lidingar er stort sett basert på observerbare symptom, men variasjonen i åtferda til menneske er stor. Synet vårt på normalitet endrar seg over tiår, og normalitetsomgrepet synast å bli stadig smalare. Difor vert diagnosemanualane tjukkare.

Rosenvinge hugsar godt då ein tidleg på 80-talet byrja å snakka om ein «ny spiseforstyrring» som heit bulimi. I dag er tilstanden innarbeidd i allmennkunnskapen, saman med andre diagnosar – som overspising.

– Stadig kjem det forslag om nye diagnostiske merkelappar, ikkje minst innan fagområdet spiseforstyrringar,  seier Rosenvinge, som meiner dette ikkje er føremålstenleg fordi det kan bidra til å sjukleggjere normale variasjonar i åtferd.

– Det er difor denne ferske studien i The American Journal of Psychiatry er så interessant. Han kan bidra til å redusere mengder diagnosar ved å peike på underliggande mekanismar som er felles på fleire lidingar. 

Genkart over sjukdomar

Til saman har 3495 personar med anoreksi og 10.982 personar utan anoreksi delteke i studien, mellom anna nordmenn som rekruttert frå Folkehelseinstituttet sine tvillingstudiar.

– Å studere genane våre gjer at vi kan lage heilt nye genetiske kart over sjukdomar. Det gjer at vi kan sjå samanhengar mellom sjukdomar og lidingar vi tidlegare ikkje visste kunne ha noko med kvarandre å gjere. Eitt døme er samanhengar mellom tannhelse og hjarte- og karsjukdomar.

Genvarianten som no er funne, koplar spiseforstyrringar med sjukdomar som diabetes, leddgikt og andre autoimmune sjukdomar. Det opplyser Ted Reichborn-Kjennerud, som leiar Folkehelseinstituttet ai avdelinga for psykiske lidelser.

Koplinga viser at det kan vere ein felles sårbarheit for spiseforstyrringar og sjukdomar som involverer stoffskiftet. Akkurat kva dette betyr, og kva som skjer når ein utviklar ein spiseforstyrring,  må det forskast meir på.

– Det er psykologiske årsaker til anoreksi, som gjer at ein til dømes opplever vekta som feil. I tillegg kan det altså vere metabolske mekanismar som gjer at ein er disponert for å til dømes reagere på slanking på ein unormal måte, seier Reichborn-Kjennerud til KK.

Jan Rosenvinge
Professor Jan Rosenvinge. Foto: Torbein Kvil Gamst

Ny behandling?

Jan Rosenvinge fortel at ein dei siste 30 åra har vore oppteken av å behandle  symptoma ved spiseforstyrringar. Han meiner ny kunnskap om genetiske koplingar til andre lidingar vil føre til at fokus i behandling kan  utvidast. Ikkje minst er ny kunnskap om underliggande sjukdomsprosessar viktig for førebygging og tidleg oppdaging.

Han meiner vi nok aldri vil komme dit at det er nok å ta ein DNA-test for å oppdage kven som har risiko for å utvikle spiseforstyrringar. Men kanskje kjem vi dit at ein i møtet med pasientar vil spørje etter andre symptom på spiseforstyrringar, og at færre dermed går «under radaren».

– Alt i dag veit vi mykje om samanhengar mellom angstlidingar og spiseforstyrringar. Praktisk kan dette innebere at ein faktisk bør undersøkje og greie ut om menneske med angstlidingar òg har ein spiseforstyrrelse.

Ingen auke i mengd nye tilfelle

Dagens samfunn har eit stort fokus på kropp, sunn livsstil og perfeksjonisme, og dette kan forsterkast gjennom sosiale medium. Då skulle ein tru at det har vorte fleire nye tilfelle av spiseforstyrringar,  men det har det ikkje, informerer Rosenvinge.

– I ein studie vi arbeider med no, ser det ut til at sosiale medium ikkje i vesentleg grad bidreg til kroppspress og usunn slanking. Men – vi er alle ulike. Kor lang eller kort vegen inn i ei spiseforstyrring er, kan vere avhengig av biologisk sårbarheit, og kva for psykologiske vernmekanismar du har fått med deg i oppveksten når du etter kvart møter ein kultur med klare ideal om sunnheit og kroppsleg utsjånad, seier Rosenvinge.

Risikoen for å utvikl ei spiseforstyrring er mellom 50 og 60 prosent arveleg betinga, og lidinga skuldast aldri berre éi årsak. Sjukdomen vert utvikla i eit samspel mellom genetisk sårbarheit, samfunn og kultur, familieforhold og personlegdomstrekk.

(Til orientering: UiT har ikkje vore delaktig i studien)

Artikkelen til studien finn du her: Significant Locus and Metabolic Genetic Correlations Revealed in Genome-Wide Association Study of Anorexia Nervosa 

Les også: Hestebasert terapi hjelper mot spiseforstyrringar

Les også: Kvinner vil under kniven

Les også: Frå spiseforstyrringar til sorg

Øvreberg, Elisabeth
Publisert: 30.06.17 00:00 Oppdatert: 29.01.18 17:58
Tromsø
Vi anbefaler