Bidreg til styrka fagleg nettverk

Ghanesiske Joseph Ocran er i innspurten av doktorgradsavhandlinga si. Dei siste vekene har han fått høve til å halde til ved UiT i Harstad, nært rettleiaren sin.
Nilsen, Kjetil
Publisert: 15.05.17 00:00 Oppdatert: 30.11.17 10:37
Harstad

- Eg studerer ved "University of Ghana Legon" i Accra, og var så heldig å få eit stipend finansiert av universitetet og Carnegie Cooperation i fellesskap. Det gjorde det mogleg for meg å kome til Harstad, der eg har fått eige kontor – berre nokre skritt unna hovudrettleiaren min professor Kwesi Alexander Kassah, fortel Ocran. 

Professor Kwesi Alexander Kassah (t.v) og Joseph Ocran. Foto: Kjetil Nilsen /UiT

Fagområdet hans er sosiologi, nærare bestemt "sociology of disability".

- I avhandlinga ser eg nærare på stigma knytt til menneske med funksjonshemming i Ghana. Eg har inkludert folk med ulike funksjonshemmingar; fysiske, tale-, høyrsel- og synshemmingar. Men eg har avgrensa studien til menneske med utdanning, som er i arbeid, og som dermed er integrert i samfunnet, understrekar han.

I slutten av mai reiser Joseph Ocran attende til Accra hovudstaten i Ghana, etter nesten tre månader i Harstad. Foto: Kjetil Nilsen /UiT

Lite forsking på området

Rettleiaren professor Kassah føyer til at dette gjer Ocran si forsking unik. Han rettar søkelys på funksjonshemma i middelklassen. Denne gruppa finst det veldig lite forsking på, seier han.

Vanlegvis er det stigma knytt til fattige og marginaliserte funksjonshemma på landbygda eller i storbyene som har vore gjenstand for interessene til forskarane. Det gjeld òg for professor Kassah si eiga forsking frå Ghana.

Joseph skal ha avhandlinga ferdig for innlevering i juli, og er naturleg nok forsiktig med å avdekke for mykje av funna sine i denne avsluttande fasen av arbeidet.

Han røper likevel at på systemnivå synest integreringa å fungere, men at det likevel skortar på at denne gruppa funksjonshemma vert fullt ut akseptert.

- Likehandsaming og aksept er nok ein gradvis prosess som vil ta tid. Det er framleis ein veg å gå på dette området, konstaterer Joseph.

- Vil opne dører

Professor Kassah, som er knytt til avdeling vernepleie ved UiT, understreker at denne typen forskingssamarbeid er svært viktig for fagleg nettverksbygging.

- Det vil opne dører for oss. Joseph går truleg over i ei vitskapleg stilling på University of Ghana etter at han har teke doktorgraden. Då håper eg vi kan halde fram og vidareutvikla det faglege samarbeidet.

- Planen er å utarbeide eit engelskspråkleg master-kurs saman – eit såkalla sandwich-program. Det vil blant anna inneberr at internasjonale studentar kan ta delar av masterutdanninga si her ved UiT Harstad, seier professor Kassah.

Nilsen, Kjetil
Publisert: 15.05.17 00:00 Oppdatert: 30.11.17 10:37
Harstad
Vi anbefaler