Nye lærarar kan få dekt halvparten av studielånet

Startar du på lærerutdanning for 1.-7. trinn ved UiT i Tromsø eller Alta kan du få dekt inntil halvparten av studielånet om du tek deg jobb i Nord-Noreg med master i lærarutdanning.
Brøndbo, Stig
Publisert: 31.03.17 10:00 Oppdatert: 22.01.18 21:47
Tromsø Alta Hammerfest Kirkenes Harstad Narvik

I møte med studentar, skoleeigarar i Troms og Finnmark, fylkespolitikarar og representantar for Fylkesmannen i Troms og Finnmark tidligare denne veka, fekk kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen innspel til korleis rekrutteringa til lærerutdanning og læreryrket skal bli betre i nord. Foto: Stig Brøndbo 

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen og lektorstudentar ved UiT i Tromsø vart sitjande lenge og diskutere utfordringar i skolen lenge etter at alle andre hadde forlate det offisielle møtet ved UiT i Tromsø tysdag kveld denne veke. Foto: Stig Brøndbo

Då kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen var på lyttetur i Nord-Noreg tidlegare denne veka for å få innspel til korleis regjeringa kan bidra til å auke rekrutteringa til læraryrket i nord, takka han for svært gode og konkrete innspel frå lærarstudentar ved UiT i Alta og i Tromsø og skoleeigarar (kommunar) frå Troms og Finnmark.
– Vi er nøydde til å tenkje tiltak på både kort og lang sikt, og innspela eg fekk i nord var så gode at vi har fått mange konkrete forslag å jobbe med. De skal høyre frå meg snart, sa Røe Isaksen då han forlot UiT i Alta onsdag ettermiddag.

160.000 kr
Både ved UiT i Alta og i Tromsø var økonomisk hjelp og tilskot til studentar som tek lærarutdanning og jobb i nord nokre av tiltaka som gjekk att i innspela frå både studentar og politikarar då han besøkte oss i Alta og i Tromsø. Fredag morgon, to dager etter besøket i nord, kom det første tiltaket: Nyutdanna lærarar kan få sletta 160.000 kroner av studielånet ved fullført mastergrad i lærarutdanning.

Tredelt
Ordninga som gjeld frå hausten 2017 er tredelt:
1) Om lag 50 000 kroner til studentar som fullfører femårig lærarutdanning på normert tid. Dette gjeld grunnskolelærar 1-7, grunnskolelærar 5-10 og lektorutdanning. UiT tilbyr alle tre utdanningsløpa ved UiT i Tromsø og har lansert ein desentralisert utdanningsmodell ved UiT i Alta for grunnskolelærar 1-7 og 5-10 for studentar i Hammerfest, Kirkenes, Alta og Nord-Troms.
2) Om lag 55 000 kroner i tillegg til studentar som fullfører femårig grunnskolelærarutdanning for trinn 1-7 på normert tid. 
3) Om lag 55 000 kroner til studentar som fullfører femårig lærerutdanning og deretter tek lærarjobb i Nordland, Troms eller Finnmark. Ettergiving vert gitt uavhengig av dei to andre – og krev ikkje at ein tek utdanninga på normert tid.

Brøndbo, Stig
Publisert: 31.03.17 10:00 Oppdatert: 22.01.18 21:47
Tromsø Alta Hammerfest Kirkenes Harstad Narvik
Vi anbefaler