Frir til folket med vin, sjømat – og kunnskap om havet

K. G. Jebsen-senter for havrett ved Jurfak ønsker å gjere sin forskning mer etande – bokstavleg tala – og inviterer deg til «Havets hemmeligheiter": ein serie med populærvitskaplege føredrag der du får servert både vin, sjømat, og forsking om havet!
Moe, Trude Haugseth
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Trude Haugseth Moe
Publisert: 28.03.17 00:00 Oppdatert: 30.01.18 19:12
Tromsø

Forskarane Elise Johansen (t.v.) og Irene Dahl inviterer til første kveld med "Havets hemmleghieter" - ein serie populærvitskaplege føredrag frå KG Jebsen-senter for havrett. 6. april skal dei fortelje om "snøkrabbekrigen" i Sjampanjekantina på UiT – medan du kan nippe til eit glas vin og litt fingermat frå havet! Foto: T. H. Moe

– Vi har lyst til å gjere forskinga vår meir kjend og tilgjengeleg. Ikkje berre for fagmiljøet, men for «folk flest» – og i ei litt meir hyggeleg setting enn ein førelesningssal, forklarer Christin Skjervold, administrativ leiar for KG Jebsen-senter for havrett, som er ein del av Det juridiske fakultetet ved UiT.

Alle er invitert

Senteret inviterer difor alle med interesse for forsking, hav og havrett, til «Havets hemmelegheiter» – ein serie populærvitskaplege føredrag i den såkalla «Sjampanjekantina» på Det juridiske fakultetet, der ein får servert både lekre smårettar – sjølvsagt frå havet –  vin eller mineralvatn og populærvitskaplege føredrag av forskarar. Arrangementet og serveringa er gratis.

Vil vise fram forskinga

– Vi synest det er veldig artig å vise fram kva vi held på med, og dele kunnskapen som finst her. Mange skjønnar ikkje heilt kva ein forskar på når det gjeld havrett, men faktum er at Noreg har tradisjon for å vere langt framme når det gjeld utvikling av lover for hav og ressursane frå havet. Det går heilt tilbake til Jens Evensen, Noregs første og einaste havrettsminister på 1970-tallet, fortel Skjervold.

– Havrett spelar også ei stor rolle når det gjeld å sikre ei bærekraftig utvikling av havområda, føyer Irene Dahl til. Ho er forskar ved K.G. Jebsen-senter for havrett og skal halde eit innlegg på det første arrangementet i serien, saman med kollega Elise Johansen.

Få fakta om snøkrabben til vinen

Snøkrabben og striden rundt han er tema for første utgåve av "Havets hemmelegheiter.". Foto: Jan Sundet

Første «Havets hemmelegheiter» blir alt 6. april, og då er det snøkrabben, ei ny art i norske farvatn, folk skal bli kjende med – medan dei kanskje nippar til et glas kvitvin.

Jan Sundet frå Havforskingsinstituttet, vil gi eit innblikk i snøkrabbens biologi og utbreiing , medan Elise Johansen og Irene Dahl frå Det juridiske fakultetet vil ta publikum gjennom dei politiske og rettslege problemstillingane snøkrabberessursane reiser.

Kven har rett til å fange snøkrabben? 

Tysdag 24 januar sa Aust-Finnmark tingrett dom i sak mot skipperen og eigaren av ein litauisk fangstbåt for å ha fiska snøkrabbe på norsk kontinentalsokkel i området som vert kalla «Smuttholet». Retten frifann både skipperen og selskapet Arctic Fishing.  I mai er ei ny og liknande sak tillyst for domstolane. Denne gongen kjem også opp spørsmål knytte til forvaltninga av Svalbard og fiskevernsona.

For kven har eigentleg rett til å regulere snøkrabbefangsten? Her er Noreg og EU langt frå einige.  

Det blir også høve til å stille spørsmål til forskarane.

Fleire «Havets hemmelegheiter»

Kvelden er ikkje eit eingongstilfelle, det vil bli fleire «Havets hemmelegheiter». Det neste i rekkja er eit lunsj-føredrag 26. april om eit svært aktuelt tema, nemleg dagens fiskekvoter. 8. juni vil det handle om klimasøksmålet mot staten. Meir info om dette kjem – men det kan vere lurt å holde av datoane!

– Vi håpar mange blir freista til å komme og få litt kunnskap i ei avslappa og hyggeleg atmosfære, med eit glas vin og ein matbit til, lokkar havforskarane.

«Havets hemmelegheiter» - ein serie populærvitskaplege føredrag frå K.G. Jebsen-senter for havrett:

Første gang, med tema: «Snøkrabben – ein ressurs eller til bry?»:  6. april kl 19.00 -20.30 i Sjampanjekantina, Teorifagbygget Hus 6, UiT.

Innlegg av Jan Sundet, Havforskningsinstituttet, og Irene Dahl og Elise Johansen fra KG Jebsen-senter for havrett ved Det juridiske fakultet.  

Lett servering, vin og mineralvatn. 

Arrangement og servering er gratis. 

Obs! På grunn av servering ønsker arrangørane påmelding til: christin.skjervold@uit.no innan 4. april.

Lenke til Facebook-arrangementet er her! 

Moe, Trude Haugseth
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Trude Haugseth Moe
Publisert: 28.03.17 00:00 Oppdatert: 30.01.18 19:12
Tromsø
Vi anbefaler