Får skryt for praksisordning

Praksisemnet i fiskeri- og havbruksvitskap ved UiT vert brukt som døme på kvalitet i ei ny stortingmelding. Peter F. Hjort-seminaret har vore viktig i arbeidet med ordninga.
Aarskog, Karine Nigar
Publisert: 13.02.17 16:00 Oppdatert: 15.03.18 15:09

Bjørn-Petter Finstad er førsteamanuensis ved Noregs Fiskerihøgskole ved UiT.
Bjørn-Petter Finstad er førsteamanuensis ved Noregs Fiskerihøgskole ved UiT. Foto: Karine Nigar Aarskog

Den nye stortingmeldinga om kvalitet i høgare utdanning som nyleg vart lagt fram, framhevar praksisemnet innan bachelor i fiskeri- og havbruksvitskap som eit døme på kvalitet, og omtaler det som ein udelt suksess. Emnet, der studentane får tre veker praksis i sjømatnæringa i løpet av  bachelorgraden sin, starta som eit pilotprosjekt i 2015, og har nå vorte eit permanent tilbod ved UiT. Mykje takka være Peter F. Hjort-seminaret.

– Seminaret var ein viktig arena der vi fekk fleire kontaktar som vi kunne ta med oss vidare når vi skulle inngå avtalar med føretak. Dette var ein viktig møteplass mellom universitet, studentar og næringsliv i samband med oppstarten av praksisemnet, seier førsteamanuensis ved Noregs Fiskerihøgskole (NFH) ved UiT, Bjørn-Petter Finstad.

Fekk konkrete innspel
Peter F. Hjort-seminaret vert arrangert i år for tredje gong ved UiT, og i år går det av stabelen 15. mars. Føremålet med seminaret er å skape ein møteplass for å styrke samarbeidet mellom akademia og næringslivet. Ifølge Finstad kom seminaret på eit godt tidspunkt for studentane hans.

–  Vi var i planleggingsfasen med praksisemnet, og Peter F. Hjort-seminaret var ein av fleire viktige ting som skjedde i samband med oppstarten. Tema i diskusjonane var kva for ein type praksis studentane har bruk for. Dei konkrete innspela var eit vesentleg bidrag til utforminga av innhaldet i praksisemnet. Fleire av føretaka som deltok på seminaret har vi hatt kontakt med i ettertid, seier han.

Slik verte praksisemnet omtalt i stortingmeldinga Kultur for høyere kvalitet i utdanning (side 61):
Fiskeri- og havbruksnæringen er i konstant endring. Ved bachelorgraden i fiskeri- og havbruksvitskap ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT) var den n-enødvending å få til eit tettare samspill med akaørar i næringen. I samarbeid med studentar og representantar frå næringen utvikla UiT eit emne i fiskeri- og havbruksvitskap i praksis. Praksisføretak frå heile verdikjeden vert rekruttert: alt frå forvalting og fiskebåtrederier til foredlingsanlegg og eksportforetak. Studentane har praksis i tre veker. Tilbakemeldingene frå praksisføretaka er udelt positive. Mange trekkjer fram at det å ha ein student i praksis tilføreier dei ny kompetanse og eit eksternt blikk på eiga verksemd. Studentane opplever å verdsetjast og ser større relevans i dei ulike emna i bachelorgraden. Mange gjev også tilbakemelding om at dei nå ser ein større relevans i emna dei har teke tidlegare i bachelorgraden, og at det også åpner seg høve for jobb, mastergradsoppgåver og lignande i samarbeid med praksisføretaka. Fiskeri- og havbruksvitskap i praksis starta som eit pilotprosjekt med første studentopptak i 2015, og det vert videreført i 2016 og 2017.

Ein av desse føretaka er Brødrenere Karlsen. Kvalitetssjef i selskapet, Randi Karlsen, meiner at bådei UiT og næringslivet dreg nytte av eit tettare samarbeid.

– Det er utviklande for oss å få tak i ressursar og kunnskap som finst ved UiT, samstundes som det er viktig for UiT å være kopla på det miljøeit studentane etter kvart skal operere i. Vi er i Arktis med spesielle utfordringar og treng unik kompetanse, seier Karlsen.

Les òg: Vi er sjømatnædei framtidige suparheltane til ringa

Vert førebudd på arbeidslivet
Ifølge Finstad er det svært positivt for studentane å ha praksis i løpet av studiet:

– Då får dei ein føling med det verkelege arbeidslivet i sjømatnæringen, som er det vi utdannar dei til. Praksisen er med på å gjøre studia meir næringsrelevante, samstundes som studentane vert ambassadørar og tek med seg røynslene sine frå arbeidslivet tilbake til oss. Det gjør oss meir realitetsorienterte på kva vi held på med, seier han.

Produksjonssjef i Lerøy Aurora, Håvard Hårstad, har sjølv vore student ved NFH, og han var ferdig i 2002 . På den tida vart ikkje studentane tilbode ein tilsvarande praksisperiode i løpet av studietida.

– Eg skulle ønske det hadde vore ei slik ordning då eg sjølv gjekk på UiT. Det er ein kjempesjanse for studentane til å vise seg fram frå den beste sida si i eit føretak dei kanskje vil søke jobb i etter studia, seier Hårstad.

Produksjonssjef i Lerøy Aurora, Håvard Hårstad, saman med Hilde Karoline Haaheim som har studert ved Noregs fiskerihøgskole og fått tilbod om praksis. Foto: Randi Solhaug

Studentar er døropnarar
Han fortel at praksisordninga gjev selskapet han jobbar i mykje ekstraarbeid, men at innsatsen er verd det dei får igjen.

Studentar stiller andre spørsmål enn dei som jobbar her, og får oss til å sjå ting på nye måter i vår eiga næring. Samtidig får vi vist dei at vi gjør ting ordentleg og at vi alltid prøver å vere i forkant av utfordringane. Studentane kan også vere døropnarar for samarbeid med andre føretak, seier Hårstad. 

– Alt handlar om å knyte kontaktar, legg han til.

Benedicte Nielsen er salsteamleiar i Noregs Råfisklag.
Benedicte Nielsen er salsteamleiar i Noregs Råfisklag. Foto: Noregs Råfisklag

Salsteamleiar i Noregs Råfisklag, Benedicte Nielsen, skal halde ein av innleiingane på årets Peter F. Hjort-seminar. Ho meiner seminaret er eit godt stad å få eit innblikk i kva UiT kan tilby.

– UiT har system og prosjekt som legg opp til at folk skal kunne treffe folk. Potensielle arbeidsgivere treffer studentar dei kanskje skal ende opp med å tilsetje ein gong. Det er viktig å skapt dialog mellom næringsaktørane og UiT-miljøeine. Den kontakten vil påverke kva for ei retning UiT skal gå i, i takt med rammebetingelser og korleis verda rundt endrar seg, seier Nielsen.

– Det er grunnleggjande positivt å opprette og skapt arena for dialog med næringslivet og utveksle meiningar om kva som trengst i dei ulike næringane. Det er berre gjennom dialog at forventingar kan oppfyllast eller verte justert, avsluttar ho.  

Aarskog, Karine Nigar
Publisert: 13.02.17 16:00 Oppdatert: 15.03.18 15:09
Vi anbefaler