No kan du studere sjukepleiehistorie online ved UiT

Sjukepleiarane tek seg av oss frå fødsel til død, men kor mykje veit vi om dei? Snart kan du studere sjukepleiehistorie online ved UiT!

Wærås, Torgunn
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Johanne Røe Mathisen
Publisert: 04.01.17 00:00 Oppdatert: 30.10.18 12:11
Tromsø

Sykepleiarane følger med oss gjennom livskriser og sjukdom. No skal det settast fokus på historia deira.  Illustrasjon: Colourbox

Dei fleste har vel høyrt om Florence Nightingale, men kor mange andre sjukepleiarar frå historia kjenner du til? Sannsynlegvis veit du ikkje om så mange.

Sjukepleiarane har alltid vore der når vi treng dei, men virket deira vert ikkje til store ord korkje i avisoppslag eller historiebøker.

Dei har teke seg av såra soldatar i krig, og av folkesetnaden under store sjukdomsutbrot som kolera-epidemiar og tuberkulose. Enno følgjer sjukepleiarane med oss gjennom livskriser og sjukdom. Til trass for at vi overlèt våre aller kjæraste i deira varetekt frå fødsel til død, er ikkje sjukepleie den mest prestisjefulle utdanninga.

– Sjukepleie vert i dag utøvt i eit komplekst samspel med andre yrkesgrupper i helsesektoren. For å forstå dagens utfordringar, må ein ha kjennskap til korleis fag og yrker har utvikla og endra seg, seier førsteamanuensis ved Institutt for helse og omsorgsfag, Åshild Fause.

– Viss vi ikkje kjenner tradisjonane kan vi ikkje vurdere fortid eller notid kritisk. Då vert vi prisgjeve mytane og klisjéane. Og det er mange mytar om yrket som legg eit slør over sjukepleie som kunnskapsfelt og samfunnsinnsats, meiner ho.

Av den grunnen lanserer no UiT, med støtte frå Noregsuniversitetet og fleire europeiske samarbeidsland, ein splitter ny MOOC om historia til sjukepleia.

Open for alle

Ein MOOC (Massive Online Open Course) gjer det mogleg å distribuere nettbaserte kurs til studentar over heile verda. Kurset er ope for alle som ønskjer å delta, og MOOC-bølgja har skylt over høgare utdanning verda over. Også UiT har tidlegare lansert eit par MOOCer, men den som vert lansert no er det største internasjonalen samarbeidet herfrå så langt.

Sju europeiske land er med på denne MOOCen. England, Irland, Italia, Tyskland, Nederland, Danmark og Noreg er alle deltakarar.

– Dei som bidreg i MOOCen er alle anerkjende forskarar i sjukepleiehistorie og med i nettverket «European Association for the History of Nursing». Her er vi på trygg grunn, for dei som deltek er dei beste til å fortelje om europeisk sjukepleiarhistorie, seier Fause.

MOOCen har til saman 18 bidrag beståande av filmar og artiklar, alle med engelsk tekst. Filmane søkjer å synleggjere sjukepleiens samfunnsinnsats frå midten av 1800-talet. Prosjektet har fått namnet Nursing runs aMOOC, og lanserast 16. februar.

Åshild Fause fortel at den UiT-baserte MOOCen kan bli inkludert i fleire europeiske studieplanar. Foto: Johanne Røe Mathisen

Del av mastergraden

Filmane er òg designa for smarttelefon, så her er det lagt til rette for at alle skal kunna delta.

– Vi har i dag eit emne i sjukepleias tradisjon og historie ved masterstudiet i sjukepleie. Vi har tenkt at MOOCen skal inngå som ein del av mastergraden, i kombinasjon med øvrige oppgåver. Då må ein sjølvsagt meldast opp som student ved UiT. Men sjølve MOOCen kan alle ta, seier Fause.

Ho fortel at fleire av samarbeidslanda òg har gjeve utrykk for at dei ønskjer å inkludere MOOCen i studieplanane sine.

Sidan 1894

I 1868 vart den første norske sjukepleiarutdanninga i Noreg starta ved Diakonissehuset i Oslo. I 1894 vart det òg mogleg å utdanne seg til sjukepleier her i Tromsø.

Historisk sett var sjukepleiaryrket tett fletta saman med religion. Diakoni er eit omgrep innan den kristne kyrkje om arbeid med nestekjærleik som perspektiv. Lengre sør i Europa var det den katolske kyrkja som utdanna sjukepleiarar, og her finn vi røter til opplæring i sjukepleie så tidleg som på 1600-talet.

Det som motiverte sjukepleiarane i byrjinga var det å vere kallet for å hjelpa folk i naud. I dag ser ein på sjukepleie som eit yrke som alle andre. Ein av grunnsteinane i fag og yrke er likevel framleis at ein må ha eit ønske om å hjelpe andre, òg like å vere til stede for medmenneske.

Mykje har forandra seg i både fag og yrke, men behovet for sjukepleiarar har aldri forsvunne. Med ein aukande del eldre i folkesetnaden, vil behovet for sjukepleiarar bli endå større i framtida. Både kommunar og sjukehus er avhengige av å ha tilgang til nok sjukepleiarar.

– Viss to operasjonssjukepleiarar på UNN er sjuke same dag, stoppar alle operasjonar opp, fortel Fause.

Vil gjerne samarbeida

– Hadde vi visst kor mye jobb dette kom til å innebere, hadde vi neppe starta på prosjektet, seier Fause.

Likevel er ho ikkje skremt for å ta på seg nye prosjekt i framtida. Ho håpar framtida kan by på samarbeid om fagtradisjon og historie med andre helsefagutdanningar på UiT.

– Eg trur vi er den einaste utdanninga som alltid har hatt historie og tradisjon som ein del av kunnskapsgrunnlaget i fagplanen, og det hadde vore spennande om fleire utdanningar her på Helsefak så verdien av å gjere det same, fortel ho.

Les også: Valte sjukepleiaryrket for å hjelpe andre

Les også: Desentralisert utdanning gir sjukepleiarar i distriktet

Les også: Den grenselause utdanninga

 

 

Wærås, Torgunn
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Johanne Røe Mathisen
Publisert: 04.01.17 00:00 Oppdatert: 30.10.18 12:11
Tromsø
Vi anbefaler