vår 2017:    HIS-3024 Utforminga av et nytt Norden 800-1300: Sentralisering, kristning og konflikt - 10 stp

Søknadsfrist

1. juni for emne som blir tilbode i haustsemesteret. 1. desember for emne som blir tilbode i vårsemesteret.

Emnetype

Emnet er valfri modul i masterstudiet i historie. Kan tas som enkeltemne.

Opptakskrav

Bachelorgrad eller tilsvarende med en fordypning på minimum 80 studiepoeng i historie (jf. opptakskrav for masterprogram i historie). Karakterkrav C i fordypningsdelen.

Søknadskode 9371 - enkeltemner på masternivå.


Innhold

Dei fire hundreåra mellom 800 og 1300 synte ein tilbakeliggande vesteuropeisk økonomi utvikle seg mot ei sterkare stilling, med meir organiserte samfunnsstrukturar og statar. Endringane skjedde både i Skandinavia som i andre delar av Nord-Europa, der det også utvikla seg ein felles kristen europeisk kultur. I 800 var Skandinavia prega av å vere ein region med små lokale konge- og høvdingdømme, nokre under eit veikt dansk hegemoni, men kring 1200 var det vorte til tre kongerike: Sverige, Noreg og Danmark. Det svenske herredømmet voks i aust i Finland, og den første russiske statsdanninga hadde funne stad. Busettinga på Island og dei andre øyene vest i havet førte til at dei vart knytte til det norske kongedømmet på forskjellige vis, ofte omtalt som «Noregsveldet». Lokale, personlege maktrelasjonar og økonomiske band vart skifta ut med sentraliserte styringsapparat, som etter kvart utvikla ein eigen rettskultur.

Den økonomiske, politiske og kulturelle utviklinga endra også på forholda mellom folk i nord og utvikla nye relasjonar mellom nordmenn og samar. Den økonomiske utviklinga i Vest-Europa involverte også dei nordlege regionane i handelsrelasjonar med korn og luksusvarar frå kontinentet i bytte mot varer som fisk og pelsverk. I studiet av desse emna vil vi fokusere særleg på kjeldene frå perioden - norrøn sagalitteratur og utanlandske kjelder, så vel som arkeologisk materiale.

På økonomiske, politiske og kulturelle utviklinga endra også på forholda mellom folk i nord og utvikla nye relasjonar mellom nordmenn og samar. Den økonomiske utviklinga i Vest-Europa involverte også dei nordlege regionane i handelsrelasjonar med korn og luksusvarar frå kontinentet i bytte mot varer som fisk og pelsverk. I studiet av desse emna vil vi fokusere særleg på kjeldene frå perioden - norrøn sagalitteratur og utenlandske kjelder, så vel som arkeologisk materiale. 


Hva lærer du

Etter bestått emne skal studentane ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskaper 

Studentane har kunnskap om:

  • sentrale tema og problemstillingar innanfor fagområdet som emnet fokuserer på. 
  • dei mest sentrale forskningsdiskusjonane på fagområdet. 

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • analysere fagstoff og trekke eigne slutningar. 
  • formidle informasjon, teoriar og idear, problemstillingar og løysningar om fagområdet både skriftleg og munnleg. 


Undervisnings- og eksamensspråk

Undervisningsspråket er normalt norsk. For å oppnå instrumentelle mål om å gje eit fagleg godt tilbod, og å utvikle kompetanse i engelsk fagspråk hos norskspråklige studenter eller integrere studentar med anna morsmål enn norsk, kan undervisningsspråket også vere engelsk. Eksamensspråket er normalt norsk, men det kan også gjevast høve til å skrive oppgåver og eksamenssvar på andre språk. Dette må eventuelt avtalast med instituttet på førehand.

Undervisning

Det blir gitt forelesninga frå faglærar og skipa til diskusjonar i seminara, knytt til sentrale tema for emnet. Omfanget av undervisninga tilsvarar 28 - 30 timar. Emnet blir tilbydd i vårsemesteret med ujamne mellomrom. 

Undervisning som er gitt i løpet av semesteret blir rekna som del av det kunnskapsgrunnlaget studentar kan prøvast i til eksamen. 

Alle emner evalueres en gang i løpet av programperioden. Programstyret avgjør hvilke emner som skal evalueres av studenter og lærer per år.


Eksamen

Desse arbeidskrava må være godkjent før ein kan levere endeleg eksamen:

  • Studentane skal gi eit munnleg seminarinnlegg som må godkjennas.

Eksamen:

  • Studentane avlegg to heimeeksamenar på ei veke kvar i løpet av emnet og avsluttar med ein munnleg eksamen. Kvar av dei skriftlige eksamenssvara skal vere på ca. 3500 ord.

Samla sluttkarakter etter skalaen A-F. Ved karakteren F/ikkje bestått blir det tilbod om kontinuasjonseksamen i byrjinga av påfølgande semester. Ved gyldig forfall blir det tilbod om utsett eksamen i byrjinga av påfølgande semester.

Frist for oppmelding til kontinuasjonseksamen er 15. januar for eksamenar i haustsemesteret og 15. august for eksamenar i vårsemesteret.


Pensum

Oppdatert pensumliste foreligger ved semesterstart

Error rendering component

  • Om emnet
  • Studiested: Tromsø |
  • Studiepoeng: 10
  • Emnekode: HIS-3024