Universitetsbrua er opna
Den siste delen av Dramsvegen og vidare nedover Veslefrikkvegen har ikkje vore god nok trafikksikkerheitsmessig – spesielt for syklistar. No kan ein imidlertid sleppe å bruke denne vegen og heller velje å ta av ved Breivangvegen og krysse Universitetsbrua for å kome inn til UiT og UNN.
Rektor Anne Husebekk held i snora, medan fylkesråd Ivar B. Prestbakmo klypper. Foto: Randi Solhaug |
Universitetsbrua går over den sterkt trafikkerte Erling Kjeldsens veg (kanskje meir kjend som Tverrforbindelsen), og representerer eit langt tryggare alternativ sidan ho berre kan brukast av syklistar og gåande.
– Brua har blitt eit kledeleg landemerke i eit elles hektisk område, seier fylkesråd for samferdsel og miljø, Ivar B. Prestbakmo.
Troms fylkeskommune har bidratt med midlar for å få brua bygd, og Prestbakmo fekk også æra av å klippe snora då Universitetsbrua blei opna torsdag 17. mars.
Offisielt opna! Foto: Randi Solhaug |
– Denne brua bidrar også til å binde saman den gamle Husmorskolen, eller gamle Breivang, koe Handelshøgskolen skal flytte til, og campus. Vi gler oss alle til å bruke denne vegen og brua når vi skal til og frå campus, seier rektor Anne Husebekk som også deltok på opninga.
UiT har fått ei svært fin sykkel- og gangbru over Tverrforbindelsen, og ho er klar til å brukast. Foto: Randi Solhaug |