Error rendering component

Mørkemannen

Han er ein overoptimistisk sjonglør og formidlar av eiga glede og fascinasjon. Men aller helst vi han vere i mørket og berre vêre.

portrett av ein mann i mørket
Professor Jørgen Berge der han trivst best. Foto: Jørn Berger Nyvoll / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 07.06.22 14:27 Oppdatert: 27.09.23 10:09
Arktis Hav Klima Om UiT

På ei hylle på Jørgen Berge sitt kontor finn ein eit stort bilete frå Longyearbyen, to boksar makrell i tomat, bilete av ungane, eit brukt champagneglas og ei tom iskrembøtte. Men det er ei anna bøtte han med stor entusiasme vil vise fram.

– Dette er ei bøtte som betyr veldig mykje for meg. Eg har brukt ho i mange førelesningar og ulike situasjonar, seier Berge og dreg posar med skjel opp av bøtta.

– Dette er skjel som er opp mot 7 tusen år gamle, frå Svalbard, seier han.

Øygruppa i hans hjarte

Ein mann ler.
Jørgen Berge ler mykje og ofte. Foto: Jørgen Berger Nyvoll / UiT

Svalbard, ja. Øygruppa der Polhavet, Barentshavet, Grønlandshavet og Norskehavet møtast, der kor byguten frå Oslo har brukt så mykje av sitt vaksne liv, både som fastbuande i ti år og på tallause tokt. Der kor han fann noko han ikkje visste at han elska: mørket.

– For meg er mørketida på Svalbard den tida då Svalbard verkeleg er Svalbard. Det er ein nærleik og eit nærvær i mørket som er unikt. Verda kjem nærare og vert annleis fordi du brukar fleire sansar til å vêre det som er rundt deg. Du ser lys i mørket som du vanlegvis ikkje tenkjer på, seier Berge.

Ein dårleg lege

Før han oppdaga mørket i nord, hadde han tenkt å verte lege, men kom ikkje inn på studiet med minste moglege margin. Fast bestemt på å kome inn følgande år, tok Berge nokre vente-fag i biologi og skjønte at dette var mykje meir interessant enn legeyrket.

– Eg trur faktisk eg hadde vore ein dårleg lege, seier han og ler.

Eg er nok litt meir interessert i dyr og organismar enn å forstå menneske sitt velvære. Kanskje likar eg betre små og enkle objekt og prosessar?

For det er dei ørsmå tinga han har jobba med. Spesielt dei som lever under isen i Arktis, og endå meir spesielt dei som lever i den mørke polarnatta. Tidlegare trudde ein at livet under isen i den arktiske vinteren var daudt eller låg i dvale. Men då eit tokt til Svalbard vart utsett frå hausten til midtvinters, fann Berge og kollegaene noko dei ikkje trudde fanst – eit yrande liv ved og under isen, i mørket.

Skilsettande opplevingar

Spesielt ei oppleving i Rijpfjorden nord for Nordaustlandet er brent fast i minnet til Berge. Dei var på fjorden i ein liten båt, motor og lys var slått av. Og når dei ser ned i vatnet ser dei bioluminiscens, altså biologisk lys, overalt.

– Det var som eit opp ned kosmos, som om himmelen var under oss. Eg såg ned i eit djup kor disse organismane bevegde seg i alle retningar, i forskjellige storleikar, i forskjellige hastigheiter og med forskjellig lys. Det var veldig, veldig spesielt, seier Berge.

Korleis sjå utan å kunne sjå?

Dette livet og lyset i mørket har Jørgen Berge forelska seg i. Men korleis kan ein forske på mørket utan å tilføre lys og med det endre mørket? Det tok litt tid, men dei skjønte etter kvart at lyset dei sjølv brukte hindra forståinga av økosystema dei studerte. Etter kvart har dei begynt å bruke akustiske sensorar og å bruke desse sensorane vekk frå skip, folk og kunstig lys. Det avslørte med ein gong ein anna dynamikk, eit anna liv enn det ein kan observere frå ein båt.

– Det me held på med no, som eg på mange måtar synest er det mest spennande me har gjort nokon gong, er å prøve å forstå i kor stor grad lys faktisk påverkar miljøet omkring det. Me må erkjenne at me er i eit miljø som me påverkar, og at me må fjerne oss som observatørar for å kunne gjere dei riktige målingane og observasjonane, seier Berge.

Saman med NTNU prøver Berge og hans fakultet for biovitskap, fiskeri og økonomi no å starte eit senter for framifrå forsking kalla iSense, som mellom anna skal bøte på lys-problemet. Senteret skal kombinere NTNU sitt sterke miljø for sjølvgåande marine fartøy og UiT sin spisskompetanse på marin biologi i Arktis. Dei håpar å kunne nytte både satellittar, dronar, sjølvgåande fartøy både over og under vatn, og stasjonære lyttepostar – alt for å kunne forstå dei komplekse økosystema i mørket.

Me veit så lite

Og me treng å forstå. Det ligg an til store endringar i Polhavet framover, kor det kjem til å gå frå å vere eit hav kontinuerleg dekt av is til eit hav som stort sett vil vere opent på seinhausten og inn i starten på mørketida. Det vil framleis vere mykje is om vinteren og ut på våren, slik som i andre sesongmessig islagde hav. Korleis vil då økosystema reagere? Det veit me veldig lite om.

– Polhavet er eit hav kor me i utgangspunktet berre har kunnskap frå den lyse delen av året, seier Berge.

– Me kan tru mykje om korleis organismane er tilpassa eit liv knytt til is i mørket, men me veit i stor grad ingenting. Og nokre gonger tek me feil. Nokre gonger ser me at organismar som i den lyse tida er veldig knytt til isen, kanskje ikkje er så mykje knytt til isen når det er mørkt, seier han.

Les meir om Berge si forsking i mørket: Livet i polarnattas dyp

Å gå på fortida

To hender, ei bøtte og posar med skjel
Jørgen Berges bøtte med 7000 år gamle skjel. Foto: Kjetil Rydland / UiT

Det er då Berge trekker fram bøtta med skjel igjen. Han viser fram pose etter pose med skjel, mellom anna 6-7.000. år gamle steinboreskjel. Dei har han plukka på Svalbard, frå enorme bedd som ligg på gamal havbotn som no er heva opp på tørt land.

Du treng ikkje førestille deg ein havbotn som er sju tusen år gamal, du kan sjå han ligge der. Du kan sjå organismar som levde der for seks, sju tusen år sidan, og du kan trekkje kunnskap og informasjon ut av det.

Mellom posane med steinboreskjel ligg òg verdas nordlegaste blåskjel. På Svalbard finst dei no berre på vestkysten, men desse blåskjela frå Rijpfjorden og Torskevatnet på nordsida er spor frå ei anna tid. Dei viser at fjorden som no er for kald for blåskjel, ikkje var det for nokre tusen år sidan.

Les meir om blåskjela og sjå video her: 7000 år gamle blåskjell gir klimasvar

– På ein evolusjonær tidsskala skal ein ikkje langt tilbake før ein finn at Polhavet var eit sesongmessig islagt hav. Og ein del av dei artane som ein finn i dag, dei må openbert ha overlevd slike periodar. Går ein tilbake 100.000. år, er det truleg at ein har hatt periodar kor utbreiinga av is i sommarhalvåret har vore bortimot null, seier Berge.

Verda er ikkje stabil

Han er tydeleg på at nokre av organismane som i dag er tett knytt til is, vil få store problem når habitatet deira forsvinn eller vert sterkt redusert. Det er sjølvsagd ein tragedie, spesielt sidan det er menneska står bak dei rekordraske endringane. Men Berge trur livet vil halde fram i hava mot nord. Andre organismar kan kome inn, eller det kan vise seg at dei organismane me har i dag taklar eit miljø som ikkje er permanent islagt.

– Dette er på ein måte litt skummelt å seie, for eg har opplevd å verte tolka som klimafornektar. Det er eg ikkje, tvert imot. Men samstundes er det viktig å ha eit forhold til at verda omkring oss ikkje er stabil, at ho endrast heile tida. Og på Svalbard vert det veldig tydeleg, seier Berge.

Så då går det greitt med oss og planeten likevel? Livet held fram på eit vis?

Me går ein vanskeleg framtid i møte, det er det ingen tvil om.

Berge og tek ei pause. Så fortset han:

– Endringane i biologisk mangfald og havstiginga vil påverke oss og Arktis mykje. Men det er ikkje slik at alt går i dass heller. Det gjev meg på ingen måte ro, men eg vert inspirert til å forstå det. Det vekkjer nysgjerrigheita mi.

Ein mann i overlevingsdrakt på dekk av ein stor båt med mykje maskineri.
Om bord på sin andre heim; UiT si forskingsskute Helmer Hansen. Foto: Mike Snyder

Overbelasta sjonglør

Berge er kjent for å vere ein aktiv formidlar av forsking og kunnskap, i alt frå førelesingar, media, opne foredrag og i dokumentarfilmar.

– Eg er ganske enkel. Eg vert driven av glede og fascinasjon, og eg vil at andre skal få take del i alle dei tinga som eg synest er veldig spennande, seier han.

Les ein av Jørgen Berge sine mange kronikkar: Om ost, is og et varmere Arktis

Berge innrømmer at han har for mange ballar i lufta, at han heile tida overvurderer si evne til å halde alle desse ballane i lufta. Han treng glede og nygjerrigheit for å ha sjølvdisiplin nok til å gjere sjølv dei enklaste oppgåver. Som til dømes å endre kontorplasseringa si på UiT sine personalsider, som gjer at intervjuarar svimar omkring i feil bygg på jakt etter han.

– Det er vanskeleg for meg å leggje ned mykje arbeid i noko eg ikkje brenn for, seier han.

Dustete dekan

Då er det kanskje litt overraskande at han, som trivst best med å granske småkryp i det iskalde mørket nord for resten av verda, no har vorte dekan for Fakultet for biovitskap, fiskeri og økonomi (BFE). Lange møte, formalia og papirmølla, er ikkje det alt han ikkje likar?

Ein mann held ein tale
Berge i den nye rolla som dekan på doktorgradsmarkeringa våren 2022. Foto: Christian Halvorsen / UiT

– Om eg kjedar meg så går eg liksom tom for energi, så eg kom til eit punkt kor eg var nøydd til å utfordre meg på andre område, seier Berge.

Etter ein kort periode som konstituert dekan vart han tilsett som leiar av BFE 1. januar 2022. Berge snakkar varmt om fakultetet og den spennande nye rolla, men må òg innrømme at han av og til møter seg seg sjølv i døra.

– Det er ting ein som forskar kan synast er heilt dustete, og som ein ikkje kan fatte at ein skal tenkje på. Men når ein sit på den andre sida av bordet, ser ein at det er ting det er viktig å ta omsyn til. Så det gir sjølvinnsikt, og det er spennande og utfordrande, seier Berge.

Men eg saknar mørket.

Høyr Jørgen Berge i UiT sin podkast frå 2018:

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no