Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Personvern og forsking

Personvern inneber at kvar og ein av oss sjølv skal kunna kontrollera kva tid, korleis og kor mykje informasjon om eigen person som vert formidla til andre. Dette set krav til forskarar som nyttar personopplysningar i sitt arbeid.

Forskarar og studentar som set i gang prosjekt må vera merksam på lov om behandling av personopplysninger (personopplysningslova) og at det kan vera meldeplikt for prosjektet dersom det inneber behandling av personopplysningar.

For medisinsk og helsefagleg forsking gjeld også lov om medisinsk og helsefaglig forskning (helseforskingslova).

Melding om prosjekt. Forskarar som planlegg prosjekt der dei skal behandla personopplysningar elektronisk eller oppretta eit manuelt personregister med sensitive opplysningar, må få vurdert sine prosjekt med bakgrunn i personopplysningslova m.v. Det same gjeld rettleiarar for studentar som har slike planar.

Norsk samfunnsvitskapleg datateneste (NSD) vurderer forskings- og studentprosjekt for UiT. Prosjekta skal meldast til NSD på skjema som ligg her. Dette gjeld også for prosjekt som treng godkjenning frå REK.

Personvernombodet ved UiT 

Ein må alltid passa på informasjonssikkerheita, sjå uit.no/sikkerhet.   

NSD sin kontaktperson ved UiT:
Sølvi B. Anderssen , tlf. (776) 46153



Ansvarlig for siden: Lars Nordmo
Sist oppdatert: 11.12.2018 10:05

Oppslag i Etikkportalen UiT:

 

 

Kontakt:

olaug_husabø.png Olaug Husabø
+47 776 45 277
  Sølvi B. Anderssen
+47 776 46 153

Lenker:

lovdata.jpg

Rutiner og retningslinjer:

[Loading...]