Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Forskningsetikk

Forskingsetikk omfattar etiske aspekt ved forskarrolla og forskingsarbeidet. Forskingsetiske dilemma kan også oppstå i skjeringsflata mellom forsking og andre aktivitetar, som undervisning, formidling, ekspertverksemd, fag- og institusjonsforvaltning og engasjement i anna verksemd. UiT Noregs arktiske universitet skal leggja nasjonale og internasjonale prinsipp til grunn for å sikra god forskingsskikk. Dei ulike forskningsområda har sine særskilte etiske utfordringar og forskarar og studentar har ansvar for å setja seg inn i, og følgja, normene for god forskingsskikk innafor sitt område. Normene går fram av retningslinjene til dei nasjonale forskingsetiske komiteane.

Forskingsetisk utval ved UiT Noregs arktiske universitet

Retningslinjer for handsaming av forskingsetiske spørsmål

Setja i gang forskingsprosjekt?
Eigne rutinar for handsaming av personopplysningar i forskingsprosjekt, melde- eller konsesjonsplikt .

Biomedisinske forskingsprosjekt der det inngår forsøk på menneske skal leggjast fram for regionale komiteer for medisinsk og helsefaglig forskningsetikk 

Dyreforsøk krev særskilt løyve. Forsøksdyrutvalet har informasjon og søknadsskjema. Sjå også informasjon om Dyreavdelinga ved Helsefakultetet.

Rettleiar for studentar på bachelor-, master- eller doktorgradsnivå?
Det er vedteke etiske retningslinjer for rettleiing som skal vera vedlagt rettleiingsavtalane.

Eksterne lenker:



Ansvarlig for siden: Lars Nordmo
Sist oppdatert: 11.04.2018 15:41
Skip to main content