Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Internasjonal forskarmobilitet i Cristin

Pers_Esf_tak_3_100x500.jpg

DBH

Dokumentasjon og krav i DBH.

DBH-statistikk for UiT om internasjonal forskarmobilitet.

Forskingsmelding

Forskingsmelding 2009, kap 11 Internasjonalisering

Forskingsmelding 2010, kap 11 Internasjonalisering

 

Universitetet i Tromsø skal kvart år rapportera til Kunnskaps- departementet om internasjonal forskarmobilitet: Dette er utenlandske forskere som gjester institusjonen i løpet av rapporteringsåret, samt institusjonens egne forskere som har hatt faglige opphold ved en institusjon i utlandet. Det er opphald på minst ein månad (4 veker) som skal rapporterast til KD.

Merk at dette gjeld både fast tilsette, midlertidige og gjesteforskarar.

Ved UiT vert Cristin nytta som rapporteringsverktøy og ved fristen i februar vert informasjon for rapporteringsåret overført frå Cristin til DBH.

Merk at endringa i fakultetsstrukturen ved UiT gjer at statistikken bakover ikkje er spesifisert på fakultet.

Tilsette ved UiT rapporterer sine internasjonale forskingsopphald sjølve, medan institutt/fakultet må rapportera for personar som ikkje har tilgang til Cristin: gjesteforskarar, ph.d.-studentar på stipendhopphad, m.v.

Ein oppmoar til å registrera både nasjonale og internasjonale forskingsopphald på over ei veke lengde. Det er likevel berre dei internasjonale opphalda på over ein månad som som skal rapporterast til KD.

Rapporteringa vert gjort i Cristin-venstremeny: Årsrapportering > Forskningsopphold (Ein må vera pålogga).

Intern frist for rapportering er 01.februar. Etter dette har institutt- og fakultetskontaktane nokre dagar i tillegg til kvalitetssikring og oppfølging. Merk at all rapportering kan gjerast fortløpande og det vert ikkje lagt inn sperre for rapportering i Cristin etter overføringa til DBH. Superbrukarar i Cristin kan henta ut institusjonsrapportar.




Ansvarlig for siden: Håkon Fottland
Sist oppdatert: 10.01.2012 11:37

[Loading...]