Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Forskingsdataportalen UiT

God forvaltning og deling av forskingsdata er sentralt for å fremja transparens og kvalitet i forskinga, og for at UiT kan fylla samfunnsoppdraget sitt som breiddeuniversitet i nord.

Forskingsdataportalen UiT skal gje informasjon om lagring, handtering, arkivering, tilgjengeleggjering og deling av forskingsdata til studentar og forskarar ved UiT.

Forvaltning av forskingsdata ved UiT har vore eit utviklingsprosjekt sidan 2015. Prosjektet er drifta i tett samarbeid mellom Avdeling for forskning og utviklingsarbeid, Avdeling for IT og Universitetsbiblioteket.

Forskingsdataportalen skal vera ein fleksibel referanse- og ressursbase. Portalen vil vera under løpende oppbygging og utvikling.  Vi setter stor pris på innspel og kommentarer til både tema og innhald.
Prinsipper og retningslinjer for forvaltning av forskningsdata ved UiT blei vedtekne av Universitetsstyret 9. mars 2017. Regelverket gjeld frå 1. september 2017.

Nokre viktige punkt

  • UiT har som hovudregel eigarskap til alle forskingsdata genererte av tilsette ved UiT.
  • Alle prosjekt der handtering av forskingsdata er relevant, skal ha en databehandlingsplan.
  • Forskingsdata skal lagrast og arkiverast i UiT-godkjende system.
  • Forskingsdata skal gjerast ope tilgjengelege, så framt det ikkje er juridiske, etiske, tryggleiksrelaterte eller kommersielle grunnar til å ikkje gjera det.

Både UiT og forskingsfinansiørar som mellom anna Forskningsrådet og EUs forskingsråd stiller krav om at det til eit forskingsprosjekt skal lagast ein god plan for korleis data skal samlast inn, handsamast, arkiverast og delast.

UiT kjem i løpet av hausten 2017 til å ta i bruk eit nettbasert verktøy for utforming og oppfølging av datahandteringsplanar. Inntil då kan du ta utgangspunkt i denne mellombelse UiT-malen. Ta gjerne også ein titt på NSD si sjekkliste over dei viktigaste punkta i ein datahandteringsplan. Ta kontakt med oss på research-data@support.uit.no dersom du har spørsmål. 

Forskingsdata er ein essensiell del av dei fleste forskingsprosjekt, og dei bør handterast etter beste praksis i heile prosjektperioden.

Universitetsbiblioteket tilbyr ei rekkje ulike kurs i handtering av forskingsdata. Kurs på nivå 1 er ein introduksjon til deling av forskingsdata og gjev ei innføring i korleis ein skal bruka UiTs institusjonelle arkiv, UiT Open Research Data. Kurs på nivå 2 er tematisk oppbygde, og føreset noko kjennskap til handtering av forskingsdata.

Alle kurs blir gjevne både på norsk og engelsk.

Behandling og lagring av forskningsdata kan vera utfordrande, spesielt for store datasett og data som er sensitive eller treng trygg lagring.

Meir om behandling og lagring av forskningsdata:

Forvaltning av forskningsdata (UB)

Styringssystem for informasjonssikkerhet ved UiT

Lagrings- og berekningsressursar ved UiT

Forskingsfinansiørar stiller som regel krav om at data som er eit resultat av forskingsprosjektet dei har (del)finansiert, blir arkiverte på ein forsvarleg måte, og det finst ei rekkje arkivtenester for forskingsdata som kan tilfredsstilla slike krav.

Er du forskar på UiT, kan du arkivera data dine i UiT Open Research Data. Men det kan òg vera aktuelt å velja ei teneste utanfor UiT, t.d. eit veletablert arkiv innanfor ditt fagområde. På nettsida re3data.org får du tilgang til eit omfattande register over forskingsdataarkiv i heile verda. Ta kontakt med oss på research-data@support.uit.no for å få hjelp med å finna eit arkiv som tilfredstiller UiTs krav.
Informasjon kjem.  

Open Data in linguistics, Prof. Laura A. Janda, UiT (videostraum Result UiT)

Open Research Data, Prof. Robert Barrett, UiT (videostraum UiT)



Ansvarlig for siden: Randi Østhus
Sist oppdatert: 12.09.2017 14:32
Skip to main content