Blomstringsvarsel 9-2012, veke 32 (6.-12. august)
Tromsø arktisk-alpine botaniske hage
GÅ IKKJE GLIPP AV:
| Silkenellik. Foto: Arve Elvebakk (c) Tromsø Museum - Universitetsmuseet |
1. Ein ekte finnmarking! Silkenellik (Dianthus superbus) i den arktiske dalen er praktfull med store og sterkt flika, rosa kronblad. I Noreg finnest den berre frå Porsanger og vidare austover. No får den selskap av av andre finnmarkingar i ei ny rasmark like ved. Sjå også den høge og rare nyserota (Veratrum album), ein finnmarkslilje på motsett side av dalen.
2. Sildrene frå bergfrueseksjonen. Dei er på topp no, øvst på sildreryggen. Legg spesielt merke til den praktfulle Saxifraga longifolia frå Pyreneane, på den øvste haugen i samlinga.
3. Blomstring av sverdliljer og andre høgstauder rundt Dammen og i Nyttevekst- og Urtesamlingane, og i Primula. Gå ikkje glipp av ei vandring langs bekkeløpet i Nyttevekstsamlinga. Og gløm for all dei ikkje Himalaya!
4. Der finn du bla. blå valmuesøster (Meconopsis baileyi) og mange andre blomstrande staudar.
5. Riddarsporen Delphinium caucasicum på den nordvendte storblokka i Kaukasus og hjelmarten Aconitum tauricum frå Alpene vis-á-vis! I motsetjing til sine meir kjente slektningar er desse låge plantar. Men vakre, store blomster har dei..