Open fagdag: Familie og relasjon i arbeid med unge med komplekse livsproblem

Inga avgift eller påmelding

Korleis inkludere biologisk familie, fosterfamilie, barnevern, terapeutar og nettverk sammen med ungdomen i deltakande samarbeid når store psykiske problem oppstår, f.eks. psykosar? Kva er det aller viktigste å forholde seg til sett utfrå deira erfaring, idéar og forsking. Betydningen av nærver og medverknad blir rikt illustrert. Kva betyr “å vere på plass”, gi nærver, vise respekt i arbeidet med ungdom sett frå ulike synsvinklar – praktisk terapeutisk, filosofisk, etisk, psykologisk?

Erfaring med egna struktur og rammer blir detaljert og korleis erfaring nedfell seg som avtrykk med konsekvensar for helbred, mestring og medverknad.

Carina Håkansson, PhD og leiar for Familievårdstiftelsen i Gøteborg, gjestar IPS og

fortel om deira nyskapande og internasjonalt kjende arbeid med unge med store og komplekse livsproblem.

 

Heimeside: www.familjevardsstiftelsen.se. Litteratur: Det utvidgade terapirummet (2000) Bjurner och Bruno Förlag; Att rymma både och- om vanlighet, mod och professionella samtal (2007) Mareld. Artiklar: Att rymma både-och (2006); Om solidaritet, mod och professionella samtal (2008) begge i Fokus på Familien.

Dagen inngår i Profesjonsstudiet i psykologi i emnet Familie- og relasjonsarbeid og er open for alle interesserte. Dagen er av interesse for allmenheit, barnevern, fosterheimsansvarlege, foreldre, kommunal helseteneste, PPT, psykisk helsevern, skole, m. fl.

Godkjent som fritt spesialkurs/vedlikehaldskurs, NPF.

Når: 18.12.14 kl 09.15–15.00
Hvor: MH U6.S AUD
Sted: Tromsø
Målgruppe: alle
Telefon: 77644561
Legg i kalender
Vedlegg / Bilder:
Open fagdagdes