Disputas – Master i helsefag Astrid Gramstad

Master i helsefag Astrid Gramstad disputerer for ph.d.-graden i helsevitenskap og vil offentlig forsvare avhandlingen:

“Å få og å ta i bruk eit teknisk hjelpemiddel - ei gåtefull reise. Ei kvalitativ undersøking av heimebuande eldre sine erfaringar”

 

Kort sammendrag av avhandlingen:

Denne avhandlinga undersøkjer korleis eldre erfarer prosessen med å få og å ta i bruk eit teknisk hjelpemiddel. Eldre personar som hadde søkt om eitt eller fleire tekniske hjelpemiddel vart intervjua tre gonger kvar, med nokre månaders mellomrom. Intervjua vart analysert med ei hermeneutisk-fenomenologisk forskingstilnærming. Resultata viste at avgjersla om å søkje om eit hjelpemiddel kan vere ein langvarig og subtil prosess som inneber kreativ problemløysing, å bli klar over aktuelle tekniske løysingar og å vurdere desse løysingane i lys av moglege fordelar og ulemper. Meining med og bruk av hjelpemiddel må forståast kontekstuelt, med blikk for dei sosiale og fysiske samanhengane det inngår og vert gjort relevant i, av brukaren og andre. Eit nytt hjelpemiddel vil kunne bidra til auka meistring, håp, eigenverd, sjølvstende og ei kjensle av å vere budd på framtidige vanskar. Erfaringar med hjelpemiddelformidlingsprosessen kan skildrast som ei gåtefull reise. Ei slik reise kunne innebere uventa hendingar som utfordrar brukaren sine forståingar av seg sjølv, av hjelpemiddelet og av helsepersonell. I lys av resultata kan ein seie at helsepersonell som arbeider med formidling av tekniske hjelpemiddel må vere sensitive ovanfor brukarar sine behov og erfaringar. Helsepersonell må anerkjenne brukaren som ein aktiv deltakar, og ha eit blikk for fleire av dei kontekstane som brukaren deltek i. (Avhandlingen er tilgjengelig for utlån hos Seksjon for forskningstjenester frem til disputasdato)

Veiledere

Professor Torunn Hamran, Institutt for helse- og omsorgsfag, hovedveileder
Førsteamanuensis Sissel Lisa Storli, Institutt for helse- og omsorgsfag, biveileder

Bedømmelseskomiteen

Seniorforsker emeritus, ph.d, ergoterapeut Tove Borg, tilknyttet forskningssentret Sundhed, Menneske og Kultur, et center for humanistisk sundhedsforskning ved Filosofisk Institut, Århus Universitet
Professor/ dr.polit. Frode Fadnes Jacobsen, Høgskolen i Bergen, Avdeling for helse- og sosialfag/Senter for omsorgsforskning
Førsteamanuensis/ dr. philos Sin Moe, Institutt for helse og omsorgsfag, Helsefak, UiT Norges arktiske universitet

Disputasleder

Førsteamanuensis Aud Obstfelder, Institutt for helse og omsorgsfag, UiT Norges arktiske universitet

Prøveforelesning over oppgitt emne holdes kl. 10.15, samme sted: «I hvilken betydning, hvor og hvordan kan begrepet mening gis en større plass i praksis i helsetjenesten?»

Når: 26.09.14 kl 12.15–15.00
Hvor: AUD 6, MH
Sted: Tromsø
Målgruppe: alle
Ansvarlig: Susanne Fomsgaard How
Legg i kalender