Karriererettleiar

Ein karriererettleiar hjelper menneske med å ta riktige yrkes- og karriereval.

Ein karriererettleiar hjelper unge eller vaksne til å ta sjølvstendige og riktige val. Han hjelper dei med å planlegge ein utdannings- og yrkeskarriere.

Som karriererettleiar må du halde deg oppdatert på utdanningstilboda og arbeidsmarknaden. På bakgrunn av interesser, sjølvinnsikt og ambisjonar skal karriererettleiaren hjelpe menneske til å ta riktige yrkes- og karriereval.

Karriererettleiaren hjelper også til med rådgiving i høve skriving av CV, søknader og jobbintervju.

Karriererettleiaren retteleier menneske ved å utvikle deira kunnskap, sjølvinnsikt, sjølvstende og handlingsdugleik.

Karriererettleiarar kan ha ulik utdanningsbakgrunn. Fleire høgskolar tilbyr utdanning i rådgiving og rettleiing.

Oversikt over utdanningsstader

Opptakskrav
Opptakskrava kan variere frå studiestad til studiestad. Kor som er bør du ha generell studiekompetanse.

Dei større utdanningsinstitusjonane krev gjerne ei treårig utdanning på høgskolenivå eller liknande, attpå minst eitt år med relevant praksis etter fullført utdanning. Søkarar som ikkje svarar desse krava kan tas opp etter individuell vurdering.

Etter- og vidareutdanning
Ein karriererettleiar må halde seg oppdatert på utdanningssystemet og arbeidsmarknaden, for heile tida å kunne tilby god rettleiing.

Karriererettleiarar er ofte tilknytt universitet, høgskolar, vidaregåande skolar eller ungdomsskolar. Mange er også tilknytt NAV, karrieresenter, rekrutteringsbyrå, arbeidsmarknadsbedrifter, eller tilsette i rehabiliteringsarbeid.

Som karriererettleiar må du ha gode pedagogiske eigenskapar. Du må kunne kommunisere godt og lytte til ønska og tankane til klienten. Ellers bør du ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. 

Lønna varierer etter arbeidsstad, utdanning og ansiennitet

Creative Commons Licence

Dette verk er lisensiert under en Creative Commons-lisens (CC BY-NC-ND).

Denne siden er sist oppdatert null
Informasjonen om yrket er hentet fra utdanning.no






Relaterte utdanninger
Fiskeri- og havbruksvitenskap - bachelor
Fiskeri- og havbruksvitenskap - master
Psykologi - bachelor
Psykologi - master
Religionsvitenskap - bachelor
Religionsvitenskap - master
Religionsvitenskap - årsstudium