vår
2014
HIS-2003 Stalinismen - Sovjetunionen under Stalin 1929-1953 - 10 stp
Innhold
Stalin-tida og stalinismen er i dag antakeleg det mest sentrale problemet innafor sovjetisk historie. Det var i Stalin-tida Oktoberrevolusjonen av 1917 vart fullført, i den forstand, var det først i denne fasen man opplevde grunnleggande strukturelle samfunnsendringar i Russland. Andre vil meine at Stalin-tida med si superindustrialisering og indre terror representerte eit avvik frå den eigentlege bolsjevismen. Gjennom dette fordjupingsemnet vil vi prøve å klårlegge korleis stalinismen oppstod og kva som kjenneteikna stalinismen som samfunnssystem. Det blir lagt vekt på å presentere ulike historiografiske perspektiv på emnet.Hva lærer du
Etter bestått emne skal studentane ha oppnådd desse læringsresultata:
Kunnskap og forståing: Studentane skal
- ha inngåande kunnskap om utviklinga innafor stalinismen i Sovjetunionen i perioden 1929-1953, så vel følgjene av stalinismen ut over Sovjetunionen.
- ha kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innafor fagområdet
- kurset vil gi ei innføring i dei mest sentrale forskingsdiskusjonane.
Ferdigheiter: Studentane skal
- kunne analysere fagstoff og trekke eigne slutningar
Kompetanse: Studentane skal
- kunne formidle informasjon, teoriar og idear, problemstillingar og løysingar om fagområdet både skriftleg og munnleg
Undervisnings- og eksamensspråk
Undervisningsspråket er normalt norsk. For å oppnå instrumentelle mål om å gje eit fagleg godt tilbod, og å utvikle kompetanse i engelsk fagspråk hos norskspråklige studenter eller integrere studenter med anna morsmål enn norsk, kan undervisningsspråket også vere engelsk.Undervisning
Undervisning som er gitt i løpet av semesteret blir òg rekna som del av det kunnskapsgrunnlaget studentar kan prøvast i til eksamen. For å formidle kunnskap om sentrale tema og problemstillingar innafor fagområdet blir det gitt forelesingar frå faglærar, skipa til diskusjonar i seminar, gitt studentoppgåver i form av studentframlegg/-innlegg, og arbeidd med oppgåveskriving knytt til sentrale tema for emnet. Omfanget av undervisning, inkludert rettleiing og studentinnlegg tilsvarar minst 30 timar. Av dette er om lag ¿ forelesingar. Emnet blir tilbydd i vårsemesteret ved ujamne mellomrom.
Emnet sluttevalueres hvert tredje år.
Eksamen
Studentane skriv ein heimeeksamen over eit oppgitt tema på ca. 5400 ord i løpet av to veker. Denne blir evaluert saman med ein avsluttande munnleg eksamen. Munnleg eksamen er justerande på karakteren. Samla karakter blir gitt etter karakterane A-F.
Det er høve til å ta kontinuasjonseksamen ved karakteren F.
Pensum
PENSUM VÅR 2014
Bøker som må anskaffes i tillegg til kompendium:
David R. Marples, Russia in the Twentieth Century. The Quest for Stability. Harlow: Longman. Pearson 2011, kap. 1-5: s. 1-175.
Jens Petter Nielsen, Døden løser alt. Nye perspektiver på Stalins terror. Oslo: Scandinavian Academic Press 2012: s. 7-314.
Følgende artikler / kapitler er pensum:
*Hiroaki Kuromiya, Industrialization and Class War", i Robert V.Daniels (red.), The Stalin Revolution. Problems in European Civilization Series, Boston-New York 1997: 67-80.
* Lynne Viola, "Collectivization as a Revolution", i Robert V.Daniels (red.), The Stalin Revolution. Problems in European Civilization Series, Boston-New York 1997:108-126.
* Sheila Fitzpatrick, "The New Leadership Generation", i Robert V.Daniels (red.), The Stalin Revolution. Problems in European Civilization Series, Boston-New York 1997: 80-96.
* J. Arch Getty, ¿Excesses are not permitted¿: Mass Terror and Stalinist Governance in the Late 1930s¿, i Russian Review, Volume 61/Number 1 (Jaunary 2002): 113-138.
*Sheila Fitzpatrick, Everyday Stalinism. Ordinary Life in Extraordinary Times: Soviet Russia in the 1930s, Oxford University Press 1999, kap. 6, "Family Problems":
139-163 + "Conclusion": 218-227.
*Vadim Volkov, "The Concept of Kul'turnost'. Notes on the Stalinist civilising process", i Sheila Fitzpatrick (ed.), Stalinism. New directions, Routledge 2000:210-230.
*Peter Kenez, "Stalinism as Humdrum Politics", Russian Review 1986/4: 395-400.
*Alec Nove, "Var Stalin virkelig nødvendig?", i Paul Knutsen (red.), Moskvaprosessene og stalinismen, Oslo 1981.: 161-176.
*Leo Trotskij, "Byråkrati og bonapartisme", i Paul Knutsen (red.), Moskvaprosessene og stalinismen, Oslo 1981: 177-187.
*Åsmund Egge, Kirov-gåten. Mordet som utløste Stalins terror. Oslo: Unipub 2009: Konklusjon: 251-259.
*J.Arch Getty & Oleg V. Naumov, The Road to Terror. Stalin and the Self-Destruction of the Bolsheviks, Yale University Press 1999, Preface, xi - xiv.
KILDER, BIBLIOGRAFI:
*Evan Mawdsley, The Stalin Years. The Soviet Union 1929-1953 (Manchester 2001): 113-131.
*"SUKP (b) ser på seg selv", i Paul Knutsen (red.), Moskvaprosessene og stalinismen, Oslo 1981: 203-207.
* N.S.Khrushchev, "The Cult of Personality" i Daniels 1997: 196-207.
*"Two Bolsheviks", kap. 13 i Getty & Naumov 1999: 553-568.
*Lars T. Lih et al.(eds), Stalin's Letters to Molotov 1925-1936, Yale University Press 1995, "Foreword", Letter 41, 57, 65, 66: ii-xii, 165-67, 200-201, 213-216.
Error rendering component
- Om emnet
- Studiested:
- Studiepoeng: 10
- Emnekode: HIS-2003
- Ansvarlig enhet
- Institutt for arkeologi, historie, religionsvitenskap og teologi
- Tidligere år og semester for dette emnet