Home
 
Network
 
Corpus/Database
 
Activities
 
NORMS
 
N'CLAV
 
Media
 
Bibliography
 
Resources
 
Blog
2010
2009
2008
2007
2006
2005
Fieldwork
 
[ Login ]
Printer friendly

ScanDiaSyn-bloggen 2005


Fredag 30. desember
På vetlajulaftao (altså 23. desember) fekk eg to nyheiter relatert til ScanDiaSyn, ei god og ei slik passe. Caroline (Heycock) kunne meddela at ho og Antonella (Sorace) har fått støtte til sitt treårige prosjekt om syntaktisk variasjon i færøysk, og det er jo heilt fantastisk! Dei er no på leiting etter ein færøysk vitskapleg assistent, og dei veks jo som kjent ikkje akkurat på tre... Den andre nyheiten er at Nordplus Språk har bestemt å støtta ScanDiaSyn med 60.000 DKK i 2006. Det er omtrent 5% av det vi søkte om... -Øystein



Onsdag 21. desember
Eg berre må tillata meg eit lite personleg innlegg for ein gongs skuld: Anna vart fødd i går kveld kl. 22:40, ei stor og flott pia (4330g, 51 cm). -Øystein



Laugardagur 17. desember
Forbedret blogg, nå også med kommentarer eller merknader som det heter så poetisk og fint på nynorsk. -Gunnar Hrafn



Torsdag 8. desember
Eg fekk avslagsbrevet frå NFR i dag (jf. innlegg måndag 20/11 nedanfor) saman med dei tre ekspertvurderingane. To av dei hadde gitt 7 av 7 mulige poeng på "total/overall marks", den tredje ga 6. Kva skal ein seia til slikt?! -Øystein


Tysdag 6. desember
I dag posta eg ei melding på Nordlingnet om bibliografidatabasen (jf. forrige innlegg) og diskusjonsforumet. Håpar det blir møtt med positive reaksjonar... -Øystein

Mánudagur 5. desember
Ettersom dialektbibliografidatabasen om litt annonseres på Nordlingnet har jeg delt databasen opp i to versjoner. Det har altså blitt til en norsk versjon og en engelsk ... visuelt ble det litt rotete med en samlet versjon. -Gunnar Hrafn


Laurdag 26. november
Eg oppdaga at Ordbog over det danske Sprog er kommen på nett, så no er peikar lagt til frå ScanLex-sida. -Øystein

I dag presenterer Janne prosjektet på MONS 11 i Bergen. (Det var eigentleg eg som skulle gjera det, men eg held meg heime i påvente av ei viktig hending på heimefronten...) -Øystein


Måndag 20. november
Det ser dessverre ut til at Noregs forskningsråd heller ikkje i år vil støtta den norske delen av prosjektet, jf. opplysningar på denne sida.  Det betyr at både den norske eller den danske (jf. torsdag 18/11 nedanfor) delen av prosjektet førebels står utan nødvendig støtte. (Det er elles interessant å merka seg at medan det i Noreg er sett av 23 mill NOK til frie prosjekt innanfor humaniora, brukar dei 100 mill DKK i Danmark, jf. denne sida...) -Øystein

La ut ein peikar til Finna frå bibliografisida. Finna er ein bibliografidatabase over forsking på finlandssvensk på sidene til Svenska Litteratursällskapet i Finland. -Øystein

Endra litt hvordan søkeresultatene fra bibliografidatabasen blir vist ... det er bare å teste for å se hvordan det ser ut ... ris og (spesielt) ros blir tatt imot med glede ... bare husk at databasen fremdeles er under utvikling ... - (00.01.08, GMT) -Gunnar Hrafn


Fredag 18. november
I går og i dag har det vore litt meir diskusjon om transkripsjon i forumet.  Janne hadde eit innlegg, eg skreiv eit svar, og så kom Janne med eit motsvar. Eg håpar folk les innlegga og etter kvart tek del i diskusjonen. Det er ein viktig diskusjon. -Øystein


Torsdag 17. november
Fekk den nedslåande beskjeden frå Henrik Jørgensen i dag at søknaden til Forskningsrådet for Kultur og Kommunikation (DK) om støtte til den danske delen av prosjektet er avslått... -Øystein


Miðvikudagur 16. nóvember (dagur íslenskrar tungu)
seint og síðar meir ...

breytti heimildagagnagrunninum ... þ.e.a.s. einfaldaði leitina og svo er hægt að setja inn stikkorð núna ...

þá er bara að prófa og kvarta ef eitthvað er ekki eins og menn vilja hafa það ... ekki víst að það verði lagað med det samme ...
-Gunnar Hrafn

bætti krækjum á tvær vefsíður sem fjalla um Nordisk Netordbok inn á ScanLexsíðuna ....

- Nordisk Netordbog: Upplýsingasíða opin almenningi.
- Nordisk Netordbog: Upplýsingasíða fyrir meðlimi í verkefninu (krefst aðgangsorðs) ...
-Gunnar Hrafn


Måndag 14. november
Etter at eg la ut lista over nettordbøker på fredag, vart eg kontakta på mail av Poul Hansen som driv Öresunds Översättningsbyrå saman med kona si, Kerstin. Dei har laga fleire spesialordlister frå dansk til svensk og lagt dei ut på heimesida si til glede for nokon kvar. Det fortener saktens ein peikar frå ScanLex-sida! Dessutan la eg òg til ein peikar til FreeTranslation.com – der kan ein setja om gratis frå engelsk til norsk som einaste nordiske språk! (Rett nok går omsetjinga berre ein veg.) -Øystein


Fredag 11. november
ScanLex-sida (under "Prosjekt (pl.)" har eg lagt ut ein del peikarar til diverse ordboksressursar på Internett. Igjen er dette meint som ein start, og kom gjerne med framlegg om fleire ressursar som det bør peikast til.

Då eg leita litt på nettet etter slike sider, kom eg forresten over ei ustyrteleg morsom side. Øyvind Borgenholt, som synest å vera talar av odalsmål, har skrive eit program som automatisk set om avissider på internett til odalsmål – eller trøndersk eller barnespråk. Dei to sistnemnde var ikkje heilt overbevisande (for barnespråk virkar det berre som om alle r-ar blir erstatta med l-ar), men odalsversjonen var utruleg morsom. Det var forresten frå denne oversikta over ordbøker og dialektar for nordiske språk, at eg fann fram til Odalizer-sida.

-Øystein


Tysdag 8. november

Prosjektskissa for det islandske prosjektet ("Variation in syntax") er no lagt ut her (dessutan med peikar frå sida til den islandske forskargruppa under "Nettverk"). Þakkir til Gunnars Hrafns sem þýddi smá lýsingu yfir á íslensku! - Øystein


Onsdag 2. november
Har gjort to ting med sidene i dag. 1) Eg fjerna mappa "Peikarar/Links" i venstremenyen, og flytta oversikten over dialektsamlingar "opp", slik at det no er den som ligg der. 2) Eg har oppretta mappa "Prosjekt/Projects" (i venstremenyen), og har samla delprosjekta under ScanDiaSyn der. Difor flytta eg òg ScanLex-mappa dit.

Elles har Thor Øivind lagt inn ktml her på blogg-sida, så no er det lettare for nokon kvar å skriva her. (Kjekt òg med skilleliner mellom innlegga!)

- Øystein


Tysdag 1. november
Eg har lagt til nokre peikarar til andre bibliografidatabasar o.l. i "Bibliografi"-mappa. Ein flau start... Er det nokon som kan komma med fleire liknande ressursar? Send meg ein mail i så fall! - Øystein


Måndag 31. oktober
Eg tenkte det var på tide å begynna med ein blogg her på sida, ikkje for å kunna komma med så mange meir eller mindre halvvittige ytringar, men for rett og slett å gjera folk merksame på (større) endringar og tillegg som blir gjort. Etter kvart håper eg det blir fleire som deltek i redigeringa av desse sidene ut over meg, Thor Øivind og Gunnar Hrafn – alt er jo lagt til rette for det – og då er det fint om det blir lagt att kvitteringar her i bloggen.

Eit første spørsmål: Should I blog in English? Nei, søren heller! Men andre må jo for all del gjera det viss dei vil. Da besta hadde no vore om eg skraiv pá sognamál, í og me atte detta tross alt e ait dialektprosjekt, men da hadde vel vore o dra'ra litt fø lángt... Vel, folk må no elles altså skriva på det målet dei vil her.

Tilbake til loggføringa: Det er jo heilt umuleg å rekonstruera (i detalj) korleis desse sidene i løpet av det siste halvanna året er blitt slik dei er no. Eg nøyer meg med den siste veka!

- I forrige veke var det litt aktivitet på forumet (diskusjon om transkripsjon), men førebels tykkjer eg ikkje det er så veldig mykje liv og røre. Ikkje er det mange som har registrert seg heller. Hví?!

- Gunnar Hrafn har jobba med bibliografidatabasen som han begynte på medan vi var på Færøyane. No håpar eg folk legg inn arbeid der, og svært gjerne kommentarar og/eller samandrag av arbeid dei les.

- Eg har lagt ut ein rapport for møtet på Færøyane. (Ein kan klikka seg inn frå "Aktivitetar" viss ein ikkje ser at det er ein peikar her.)

- Inspirert av det siste la eg i dag òg ut referatet frå gruppeleiarmøtet i Lund i februar som Tor A. hadde ført i pennen. (Kanskje kjem det meir slikt...)

- Før helga la eg òg ut prosjektbeskrivinga for ScanLex, og dessutan ein kort presentasjon av SveDiaSyn som Henrik R hadde skrive.

Meir seinare!

- Øystein

Weblog Commenting and Trackback by HaloScan.com


Det humanistiske fakultet, Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø TLF: 776 44240
Updated by medarbeider Gunnar Hrafn Hrafnbjargarson on 07.01.2006 at 23:53
Ansvarlig redaktør: fakultetsdirektør Jørgen Fossland


Read this page in: Bokmål