Heim
 
Nettverk
 
Korpus/Database
 
Aktivitetar
 
NORMS
 
N'CLAV
 
Media
 
Bibliografi
 
Ressursar
 
Blogg

Engelsk flagg2
Norsk flagg
 
[ Logg inn ]
Printer friendly

ScanDiaSyn – Nordisk dialektsyntaks

ScanDiaSyn - Nordisk dialektsyntaks er ein prosjektparaply der no ti nordiske forskargrupper samarbeider om å kartleggja og studera den syntaktiske variasjonen i det nordiske dialektkontinuuet på ein systematisk og koordinert måte. Dei ti gruppene er fordelte på alle dei fem nordiske landa samt eit sjølvstyrt område (Færøyane). Tre ikkje-nordiske grupper og ei gruppe som arbeider med finsk dialektsyntaks er knytte til prosjektet gjennom eit NordForsk nettverk.

Forutan vitskaplege arbeid (artiklar, avhandlingar m.m.) kjem prosjektet til å resultera i den første fellesnordiske dialektsamlinga nokonsinne: Nordisk dialektkorpus. Denne blir gjort elektronisk tilgjengeleg for forskarar og andre. Ansvaret for å byggja opp dialektkorpuset ligg hjå Tekstlaboratoriet ved Universitetet i Oslo. Det er òg eit siktemål å utvikla pedagogiske oversyn på grunnlag av undersøkingane i prosjektet.

ScanDiaSyn utgjer vidare ryggraden i Nordic Center of Excellence in Microcomparative Syntax (NORMS) som er finansiert av NOS-HS i fem år frå 2005 til 2010 og som er administrert frå CASTL ved Universitetet i Tromsø. ScanDiaSyn-samarbeidet har elles motteke støtte frå ei rekkje forskjellige finansieringskjelder – sjå denne sida for ei oversikt. Prosjektleiar og -koordinator for ScanDiaSyn er Øystein Alexander Vangsnes ved Universitetet i Tromsø.

Les meir om:

Du kan òg følgja med i bloggen her.


Aktuelt!

Eit oversyn over tidlegare ScanDiaSyn/NORMS-aktiviteter finst her.

ScanDiaSyn og NORMS i media:

ScanDiaSyn (inkl. NORMS) har fått ein god del merksemd i media. Nedanfor følgjer dei ferskaste bidraga om, av eller med medlemmer i nettverket. Sjå denne sida for eldre medieoppslag og -innslag. (Eller klikk ‘media’ til venstre.)


Det humanistiske fakultet, Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø TLF: 776 44240
Oppdatert av forskar Øystein A. Vangsnes den 23.11.2011 15:18
Ansvarlig redaktør: fakultetsdirektør Jørgen Fossland


Read this page in: Bokmål | English