Fiskerihistoria - ulike tidsbilete frå 200 år

Stortinget i 1814, det første i Noreg, var kanskje overbefolka med embetsmenn og storbønder. Likevel forsto dei frå første dag at kysten og havet var “vores Guldgrube”.
Grytås, Gunnar
Publisert: 26.09.14 00:00 Oppdatert: 26.09.14 09:52

Frå opninga av UB si utstilling om Norges Fiskeri- og kysthistorie. Frå venstre 1.ammanuensis og prosjektleiar Bjørn-Petter Finstad, formidlingsleier ved UB Sigmund Nesset og redaktør for bind IV av fiskerihistoria Pål Christensen. (Foto: Børge Damsgård)

26.09.2014 Utstillinga som Universitetsbiblioteket i Tromsø har laga om Norges Fiskeri- og kysthistorie startar med å dokumentere dette. Utstillinga vart opna tirsdag 23. september og er ei samling tidsbilete frå dei siste 200 åra av denne historia, frå 1814 og fram til i dag. Opninga markerte også at den nordatlantiske konferansen for fiskerihistorie starta i Tromsø dagen etter. Med vel 40 deltakarar var ikkje denne konferansen mellom dei største, men den var svært aktiv fordi over halvparten av deltakarane la fram resultat av eigne arbeid og funn.

-Å kunne historia er som å ro. Du ror framover, men synsfeltet ligg bakover og her finst landemerka som er viktige for rett valg av kurs. Slik er historia nødvendig for å forstå kvar og kven vi er, og kva slags hendingar som fører til framgang eller stagnasjon. Uavhengig av kva slags verdiar og politiske standpunkt vi har, er fiskerihistoria full av slike landemerke. Å forstå desse gjev ein identitet og ein arv vi må forvalte vel, sa instituttleiar Kathrine Tveiterås ved Noregs Fiskerihøgskule i ein velkomsttale til konferansen.

Ein av nestorane i norsk fiskerinæring, Leiv Grønnevet, sa i innleiingsforedraget sitt at fiskarane og kysten stort sett var fråverande i utforminga av norsk identitet og den nasjonale kulturen på heile 1800-talet. Vegen frå kysten og til eliten i samfunnet, først og fremst i hovedstaden var lang, og er det framleis den dag i dag, hevda han.

Men det første tidsbiletet frå UB si fiskeriutstilling viser likevel at det første norske Stortinget må ha forstått noko. I 1814 var landet sin økonomi totalt rasert etter Napoleonskrigane. Eksporten av fisk, som stod for 50 prosent av inntektene, låg i grus. Det same gjaldt for tømmer og malm. Årsaka var den britiske blokaden som også hindra importen av mat, og utløyste år med hungersnaud. Noko av det første det nye Stortinget gjorde i 1814 var å gje “Comiteen for det indre” i oppgåve å få orden på økonomien. Fiskeria var ikkje berre “en av vore vigtigste Guldgruber”, men også en “uudtømmelig kilde” for å få næringslivet i gang slik at den nye staten også fekk inntekter. Med dette prekære behovet vart fiskeripolitikken frå 1815 utforma med tanke på å drive eit meir effektivt fiske og skape større konkurranse i handelen med fisk.

Fram til slutten av 1800-talet hadde det skjedd mykje. I foredraget sitt henta Leiv Grønnevet eit tidsbilete frå 1880-talet der eit vanleg godt år hadde ein eksport på om lag 20.000 tonn tørrfisk, 65.000 tonn klippfisk og rundt ein million tønner sild. Dette tilsvarar eit fiske på cirka 300.000 tonn torsk og minst 200.000 tonn sild. Enorme kvantum med tanke på at folketalet i kyst-Noreg ikkje var større enn 700.000 på denne tida. Fiskeflåten på denne tida brukte framleis berre segl og årar, og alt arbeid vart gjort for hand. Her kom båtbyggjing og produksjonen av fiskereiskap, tønner og anna utstyr i tillegg. Mangelen på arbeidskraft fekk folk frå innlandet til å flytte til kysten. Eksporten gjekk ikkje berre til Nord-Europa, men også Middelhavslanda, Russland, Afrika og Amerika.

Som den norske fiskerihistoria er også den nordatlantiske full av slike tidsbilete, og mange av dei vart presentert på konferansen i Tromsø. Men mellom den gamle fiskerialmenningen og den  kampen om markednaden er det plass til mange sosiale og økonomiske perspektiv på fiskerihistoria og korleis den formar kystkulturen. Her blir det skapt stadig nye landemerke å styre etter. Korleis dette vil lukkast vil skape nye tidbilete til historia.

 

Grytås, Gunnar
Publisert: 26.09.14 00:00 Oppdatert: 26.09.14 09:52
Vi anbefaler