Skulle torsken oss feile, hva hadde vi da?

Bilete frå nordnorsk kysthistorie gjennom fleire tusen år på Universitetsbiblioteket.
Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 19.09.14 00:00 Oppdatert: 19.09.14 10:05

Presseinvitasjon

Tysdag 23. september opnar utstillinga "Skulle torsken oss feile, hva hadde vi da?" på Universitetsbiblioteket (UB) ved UiT.

Gjennom fotografi, illustrasjonar og måleri blir Noregs kysthistorie belyst frå ulike visuelle innfallsvinklar. Utstillinga vil vera eit gjensyn med kjende motiv - men òg ein del nye bilete av kva kysten er og har vore.

Utstillinga er utvikla i samband med at fembandsverket Norges fiskeri- og kysthistorie nyleg vart lansert.

Der har fleire tromsøforskarar bidratt, og redaktør for band 4, historikar Pål Christensen, vil stå for utstillingsopninga, med foredraget "Havland med innlandsfokus". 

 

Stad: Universitetsbiblioteket, UiT

Tid: Tysdag 23. september kl 14.00-15.00

Enkel servering.

Velkomen!

 

Kontaktinformasjon:

Førsteamanuensis Bjørn-Petter Finstad, 776 46 962 / 977 03 069

Førstebibliotekar Sigmund Nesset, 776 44 155

 

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 19.09.14 00:00 Oppdatert: 19.09.14 10:05
Vi anbefaler