Språk er kommunikasjon!

Språk er sjølvsagt ein raud tråd under Forskingsdagane i år, når hovudtemaet er kommunikasjon.
Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 22.09.14 00:00 Oppdatert: 18.09.14 13:53

Mange av arrangementa i Tromsø omhandlar ulike sider ved språk og språkforsking.

Språklege spørsmål på biblioteket

Det heile startar allereie på opninga av Forskingsdagane - på Tromsø bibliotek og byarkiv onsdag 17. september. Etter opnings- og helsingstalar av rektor Anne Husebekk og biblioteksdirektør Paul Henrik Kielland, skal språkprofessorane Antonio Fábregas og Øystein A. Vangsnes snakke om misforståingar i språkbruken og korleis og kvifor nordnorsk har ein særeigen måte å bruke spørjeordet korsn på.

Det heile blir krydra og kommentert med kroppsspråk og musikk av dansekompaniet Kartellet.

Onsdagen etter, den 24. september, held forskarane fram med nye språklege spørsmål. Merete Anderssen skal snakke om ungars språklege kreativtet, og Peter A. Svenonious skal forklare kvifor ord er avhengige av grammatikk for at dei skal bli sanne.

Forskingstorget

Forskingstorget i Tromsø fredag 19. og 20. september kan ein få erfare både kor lett og kor vanskeleg språk kan vera.

Forskingsgruppa CLEAR har stand der dei syner fram og deler med seg kunnskapen sin om russisk språk og språk i Russland. Dei serverer språklege problemstillingar og problemløysingar av ulike slag, språknøtter og språkeksperiment. Kanskje er ikkje det å lære seg eit nytt språk så vanskeleg som ein trur?

forskingstorg
Frå Forskingstorget i 2011.

Ein annan stand på torget viser fram problematiske sider ved språklæring - hjå alle dei som på ulike måtar møter dysleksiutfordringar. Med tittelen "Når skriftlig kommunikasjon blir ei utfordring" vil Trude Nergård Nilssen formidle kunnskap om dysleksi - og ikkje minst rekruttere folk i alle aldrar til å bli med i pågåande forskingsprosjekt. 

Nilssen skal også vera til stades på Forskingstorget på Finnsnes 27. september.

Forskingskampanjen 2014

Også årets Forskingskampanje for skuleelevar har temaet språk. Elevar på alle trinn kan i september delta i den nasjonale forskingsdugnaden for å kartleggje språk og språkbruk blant unge i Noreg.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 22.09.14 00:00 Oppdatert: 18.09.14 13:53
Vi anbefaler