Fem bind om kysten – fiskeri-Noreg endeleg samla

Ei samla norsk fiskerihistorie har lenge vore eit sakn. Men ikkje no lenger. Tirsdag 19. august kjem verket som mange i lang tid har etterlyst.
Grytås, Gunnar
Publisert: 18.08.14 00:00 Oppdatert: 19.08.14 09:38

Verket som heiter Norges Fiskeri- og kysthistorie vert for første gang pakka ut for gjestane på NorFishing-messa i Trondheim med HKH Dronning Sonja i spissen. Med fem tjukke, tekst- og biletrike bind vert det ikkje utan vidare lett å få med seg heim.

Til tross for mangelen på ei nasjonal fiskerihistorie, har det opp gjennom åra blitt skrive mykje lokal og regional historie om fiskerinæringa og kysten. Det same gjeld for organisasjonane og mange av verksemdene. Men i motsetning til landbruket har den andre store primærnæringa i landet vårt aldri blitt verdsett med ei samla historie. Slik den nasjonale identiteten vart skapt i tiåra etter 1814, fekk bonden frå dei breie bygdene ein langt meir sentral plass i denne symbolikken enn fiskaren på kysten, sjøl om mange av desse også var bønder.

No er denne mangelen på balanse mellom innlandet og kysten, og mellom dei to primærnæringane, retta opp. Den første norske fiskerihistoria er ikkje berre ei  framstilling om kor viktige fiskeria har vore for samfunnsutviklinga på kysten. Verket er også ei soge om kysten i seg sjøl. Om utviklinga av kystfolket og kystsamfunna sin levemåte og kultur. Handlinga strekker seg over fleire tusen år og langs ein 3000 kilometer lang kyst. Fiske, fangst og anna hausting har utvikla seg frå matauk og sjølberging til ein avansert eksportindustri til stadig nye marknader over heile verda. Lokale og regionale måtar å gjere dette på har gjennom tidene variert sterkt. Samtidig har det vore viktig å samanlikne måten dette vart gjort på med Europa, landa rundt Nord-Atlanteren og i Barents for å få fram særdrag i den norske utviklinga.

"Havet, fisken og oljen” er tittelen på bind IV som er eit UiT-produkt. I tillegg til redaktør Pål Christensen har  Bjørg Evjen, Bjørn-Petter Finstad, Gunnar Grytås, Petter Holm og Ketil Zachariassen levert kapittel til boka. Tromsømiljøet har også levert bidrag til bind V om oppdrettsnæringa. Forfattaren her er Bjørn Hersoug. Illustrasjon: Fagbokforlaget.

Bokverket som no blir lansert er eit samarbeid mellom mange institusjonar: Nærings- og Fiskeridepartemetet, Norges Fiskarlag, Kontaktrådet for fiskeri- og kystmuseene, samt fem vitenskapelege institusjonar: Universitetet i Bergen, Høgskulen i Volda, Universitetet i Nordland, Universitetet i Bodø, Universitetet i Tromsø og Museum. Dei 25 forfattarane som har levert bidrag til verket er i hovedsak henta frå desse institusjonane.

Hovedredaktør for verket er Nils Kolle ved Universitetet i Bergen som prosjektleiar og hovedredaktør. I tillegg til dette har arbeidet hatt ei styringsgruppe med Leiv Grønnevet som leiar. Forlaget som gjev ut verket er Fagbokforlaget med Andreas Nybø som ansvarleg forlagsredaktør. Arbeidet med verket har teke fem år, og kostnaden vil bli på rundt 27 millionar. Det meste av dette er finansiert av næringa og dei tilhøyrande institusjonane, der Nærings- og fiskeridepartementet med sine sju millionar løyvde mest.

Dei fire første binda i verket er inndelt slik: Bind I frå dei eldste tider til 1720 (redaktør: Alf  Ragnar Nielssen, UiN), Bind II: 1720-1880 (redaktør: Atle Døssland, HiVo), Bind III: 1880-1970 (redaktør Nis Kolle, UiB), Bind IV: 1970 fram til i dag ( Pål Christensen, UiT). I tillegg til dette kjem bind V med oppdrettsnæringa si historie. Med Edgar Hovland som redaktør har Museum Vest ansvaret for dette bindet. Alle binda er rikt illustrert med Aslak Kristiansen som redaktør.

 

Ei prøve på biletstoffet i Norges Fiskeri- og Kysthistorie. Dette viser Lill-Babs og Kjell Kaspersen på Skjelnan kvalstasjon i september 1968. Ho var Nordens kanskje største pop-ikon på 60- og 70-talet, og Kaspersen målmann på det norske landslaget, og etterkvart ektemann til den svenske sangerinna. Framleis gjekk det an å vise fram norsk kvalfangst, men få år seinare ville kjendisar som poserte på denne måten risikert å få publikum i mot seg. Biletet er frå kapittelet om sel- og kvalfangst i bind IV. Foto: Kjell Fjørtoft/Tromsø Museum 

Grytås, Gunnar
Publisert: 18.08.14 00:00 Oppdatert: 19.08.14 09:38
Vi anbefaler