Aukande turisme triggar forskarane

Kva slags utfordringar og moglegheiter kjem til syne for menneske og natur når turisme spelar ei stadig viktigare rolle i Arktis?

Berg, Sigrun Høgetveit
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Sigrun Høgetveit Berg
Publisert: 11.09.14 00:00 Oppdatert: 11.09.14 13:27

Det tverrfaglege forskingsprosjektet Arctic Encounters skal ikkje berre sjå på kva for type møte og møteplassar turisme skapar i nord, men og korleis den aukande mobiliteten kjem i konflikt med livsformer, praksisar og verdiar som har vore grunnleggjande for dei som bur i Arktis.

-  I Arctic Encounters har me ein tverfagleg ambisjon å vidareutvikle teoretiske verktøy som kan vera med å svara på dei sentrale problemstillingane som Arktis står overfor. Her tenkjer me spesielt på urfolk og postkolonial teori, seier professor Britt Kramvig. Ho er saman med forskar Berit Kristoffersen UiTs representantar i det internasjonale forskingsprosjektet Arctic Encounters.

turistar
Turisme i nord. Foto: Britt Kramvig.

Skjæringsfelt mellom samfunnsfag og humaniora

Forskarane kjem frå fem forskjellige land og jobbar i skjæringsfeltet mellom samfunnsfag og humaniora.

– Nettopp denne måten å arbeide på tvers av ulike faglege posisjonar og korleis me trekkjer inn partnarar frå både offentleg og privat sektor, gjer dette prosjektet unikt.

- Det kan også utfordre måten me tenkjer om framtidig samarbeid i forsking på, seier Kramvig.

- Det er viktig å trekkje inn både politikk og næringsliv, og ein sterk fagleg ambisjon er å synleggjera korleis dette heng i hop og ikkje er skilde felt, seier Kristoffersen.

Formidling og dialog

Arctic Encounters er eitt av dei få HERA-prosjekta med norsk deltaking. HERA er eit europeisk forskingsnettverk innanfor humaniora, som i 2012 sette i gang eit stort forskingsprogram om kulturelle møte.

- Eg trur ei av årsakene til at me fekk gjennomslag - i tillegg til den tverrfaglege tilnærminga - var satsinga vår på formidling og dialog med samfunnet,

- Me har ei mykje brukt nettside og fleire dyktige forskarar i gruppa som beherskar og brukar sosiale media og nye innhaldsplattformer aktivt, fortel Kramvig.

- Me brukar til dømes Arctic Encounters-bloggen mykje for diskusjon av både faglege og politiske spørsmål. Der publiserer me  pågåande og uferdige refleksjonar som feltnotatar, konferansebidrag, kronikkar og andre ting som me ser er viktige.

- Ikkje berre for å fortelja omverda kva me driv med, men også for å vera i dialog med dei me kan samarbeide med i forskinga vår. I tillegg til bloggen er me aktive både på Twitter og Instagram, seier Kristoffersen. 

Prosjektet har også ein ambisjon og er i gang med å prøve ut nye formidlingsformer.

- Nettopp difor har me inngått i samarbeid med filmskaparar, kunstnarar og kuratorar, for ikkje å gløyme NGOar, og etablerte institusjonar i feltet, seier Kramvig.

I prosjektet har dei ansvar for å produsere ein film, setja opp eit eige arktisprogram saman med filmfestivalen i Leeds, og å samarbeide med kunstnarane i "Dark ecology", ei utstilling og ei rekkje hendingar som knyter saman vitskap og kunst i grenseområdet mellom Noreg og Russland.  

jokkmokk
Vintermarknaden i Jokkmokk. Foto: Britt Kramvig

Forankring i nord

Sjølv om prosjektet nett har kome i gang, har dei vore fleire turar på feltarbeid i Finnmark, Lofoten og Vesterålen, kor dei også har vore mykje tid på feltarbeid  tidligare.

Kramvig skreiv mellom anna doktoravhandlinga si rundt etnisitet, kjønn og politikk frå Finnmark, medan Kristoffersen før sommaren leverte si avhandling om diskusjonar knytt til oljeutvinning utanfor Lofoten og Vesterålen.

- Gjennom Arctic Encounters gjer me casestudiar der me trekkjer på samarbeid og mogelegheit for samanliknande Arktis-forsking. Me lever våre daglege liv i det feltet som både me og mange andre no studerer. Det gjer tilgangen til feltet unikt, men det kjem også med intressante utfordringar. Ikkje minst knytta til forskingsetikk.

- Dette gjev oss fleksibiltet til å studere dei ”encounters” - dei møta - som skjer no. Og det gjev oss høve til å etablere internasjonale samansette forskarteam som gjer komparative studiar mogelege, seier Kramvig

Berg, Sigrun Høgetveit
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Sigrun Høgetveit Berg
Publisert: 11.09.14 00:00 Oppdatert: 11.09.14 13:27
Vi anbefaler