Nord-Noreg vart ein utkant etter reformasjonen

Før reformasjonen i 1536–37 var dei fiskerike områda i Nord-Noreg sett på som rike og blomstrande. Det var stor innvandring og prestane ynskte seg hit. Etter reformasjonen endra biletet seg.
Solhaug, Randi Merete
Publisert: 09.07.14 00:00 Oppdatert: 01.07.14 15:25

Den tyske teologen Martin Luther (1483-1546) utløyste reformasjonen i 1517.

Artikkelen er hentet fra Labyrint nr. 2 2014

Medan det tidlegare for det meste var norske, lokale prestar her oppe, kom det etter reformasjonen mange danske prestar og prestar sørfrå. Det tok lang tid før dei vart integrerte, og dei vart oppfatta som framande og annleis. Sjølv hadde dei nok ei kjensle av at dei var langt heimafrå.

– Samstundes veit vi eigentleg lite om kva folk meinte om reformasjonen og alle omveltingane som følgde med den. Vi manglar kjeldemateriale som kan seie noko særleg om det, påpeikar historikar Sigrun Høgetveit Berg.

Kom ikkje av fri vilje

Men det finst fleire kjelder der allmugen klaga over griske embetsmenn som hadde kome til landsdelen.

– Dei prestane som vart sendt nordover var i fleire tilhøve nærast forvist hit, dei kom ikkje av fri vilje. Men kongen hadde lenge korkje apparat til å ta affære med problema, eller interesse av det. Det vert til dømes ikkje krav om universitetsutdanning for prestar før i 1629.

Reformasjonshundreåret varte i nord til cirka 1620, meiner Høgetveit Berg. Alle endringane reformasjonen førde med seg skjedde ikkje med ein gong, men gradvis.

Oppsving i økonomien

At Nord-Noreg vart sett på som utkant av prestane hang dessutan òg i hop med at dei økonomiske tidene endra seg i dette hundreåret. På 14-1500-talet var det eit oppsving i økonomien som ein ikkje ser andre stader i landet. Eit uvanleg rikt fiske langs kysten av Lofoten og nordover førde til stor tørrfiskeksport til internasjonale marknader, og mange flytta til landsdelen. I 1529 klagar biskop Hoskuld i Stavanger over nød og folkemangel i sitt stift, og peikar på at ei av årsakene til elendet er at “drengene farer til Nordlandene”.

Innvandringa kom ikkje berre frå Sør-Noreg, også frå utlandet. Namn som Jens Jyde (frå Jylland), Claus Holst (frå Holstein) og Robert Skott (frå Skottland) var ikkje uvanleg å høyre.

Men dei gode tidene varte ikkje. Fiskeprisane sokk i høvet til prisen på korn, og på 1600-talet gav ikkje havet lenger dei enorme inntektene som det ein gong gjorde. Nord-Noreg var ikkje lenger så attraktivt.

 Les også:

Då Trondenes var Noregs rikaste prestegjeld

Kjelder:

Berg, Sigrun Høgetveit: “Trondenes kannikgjeld – makt og rikdom gjennom seinmellomalder og reformasjon”. 2014. 

Lysaker, Trygve: Trondenes bygdebok. Harstad 1956.

 

Solhaug, Randi Merete
Publisert: 09.07.14 00:00 Oppdatert: 01.07.14 15:25
Vi anbefaler