Då Trondenes var Noregs rikaste prestegjeld

Eventyrlege inntekter frå sal av tørrfisk er grunnlaget for den rike og vakre utsmykkinga i Trondenes kyrkje, vert det sagt. Men helst kan vi vel takke ein dedikert katolsk prest.
Solhaug, Randi Merete
Publisert: 16.07.14 00:00 Oppdatert: 01.07.14 15:24

Artikkelen er hentet fra Labyrint nr. 2 2014

Svein Eriksson sitt våpenskjold, med franske liljer på blå botn. Foto: Sigrun Høgetveit Berg

Namnet hans var Svein Eriksson. Kor han kom i frå veit vi ikkje sikkert. Ei kjelde nemner at han kom frå Skara bispedømme i Sverige før han var tilsett ved erkebispesetet i Trondheim.

Eriksson sitt våpenskjold, som ein kan finne i Trondenes kyrkje den dag i dag, kan tyde på at han kom frå Island.

Overtok Trondenes

Årsaka til at våpenskjoldet er å finne her, er at han på seinsommaren i 1427 vart utnemnd til sokneprest i Trondenes. Han hadde søkt stillinga etter Johannes de Bortzow som hadde døydd.

Trondenes var eit såkalla kannikgjeld, det vil seie eit prestegjeld som kannikane i domkapitlet i Nidaros, altså prestane i den store kyrkjeadministrasjonen under erkebiskopen, hadde slått inn under seg og sat med inntektene frå. Svein Eriksson var kannik og vart seinare dekan – det vil seie leiar for domkapitlet og såleis erkebiskopen sin nestkommanderande.

 Eriksson fekk bod om at han hadde fått Trondenes medan han var i Roma hjå pave Martin V. Han må ha vore ein reiseglad prest, for han var to turar til Roma på tre år, og det var mykje den gong.

No som han skulle overta Trondenes vart det ikkje mindre reising. Han skulle halde fram med å bu i Nidaros kor erkesetet var, men var forplikta til å reise opp til Trondenes kvart andre eller tredje år.

– Prestegjeldet gav store inntekter for den som vart sokneprest her, så dette var eit ettertrakta kall. Tienda, altså kyrkjeskatten folk måtte betale, var delvis ei personleg inntekt for soknepresten. Før reformasjonen i 1536–37 var Trondenes Noregs rikaste prestegjeld, og ein sentral ressursleverandør til erkebispesetet. Både i form av økonomisk kapital og menneskelege ressursar. Så erkebiskopane såg på Nord-Noreg som ein særs viktig del av sitt bispedøme, fortel Sigrun Høgetveit Berg.

I mai i år disputerte ho med avhandlinga “Trondenes kannikgjeld – makt og rikdom gjennom seinmellomalder og reformasjon”.

Trondenes kyrkje slik ho ser ut i dag. Foto: Sigrun Høgetveit Berg

Store økonomiske interesser

Eit døme på kor viktig dei fiskerike områda i nord var, ser vi frå skildringane til den italienske kapteinen Pietro Querine. I 1431 dreiv han i land på Røst saman med ein del av eit italiensk skipsmannskap. Då han i mai 1432 drog sørover att, møtte han erkebiskop Aslak Bolt på veg nordover med to skip og eit fylgje på 200 mann. Om det verkeleg var så mange er uklart, men det må likevel ha vore eit mektig syn.

At Bolt var på veg nordover var ikkje så rart, sidan han hadde store økonomiske interesser her. Bolt var den største tørrfiskhandlaren i heile Nord-Noreg, og han og Svein Eriksson samarbeidde godt. Querine møtte også Svein i Nidaros, for det var han som styrde her når erkebiskopen var på tur nordover.

Eriksson var ein mann som tok kallet sitt som dekan og sokneprest veldig seriøst. Med så store inntekter som han fekk frå Trondenes, kunne han sikkert ha putta pengane i eiga lomme. I staden brukte han ein stor del på kyrkja.

Bygde ferdig kyrkja

Høgaltarskåpet i Trondenes kyrkje framstiller den heilage slekta. Skåpet er datert til 1460-talet, og er mykje truleg bestilt til kyrkja av Svein Eriksson. Foto: Geir Gabrielsen, Sør-Troms museum

Då han overtok Trondenes var kyrkja ikkje eingong ferdig bygd. Berre koret, den delen dei geistlege oppheldt seg i, sto ferdig. Kyrkja var truleg påbyrja rundt 1200, medan skipet, der allmugen sit, vart fullført i Erikssons tid.

Ei kvittering datert 9. juli 1442 frå tømmermannen Magnus Jonssøn, viser at Eriksson leigde inn folk til å gjere arbeidet. I lønn fekk Jonssøn “..fisk, rav og rekling, for hvilket eg takker og er fornøyet…”, som det står i kvitteringa.

Endå meir imponerande må sjølve interiøret som Svein Eriksson fekk ordna, ha vore. Han må ha bestilt eitt eller fleire av dei mange alterskåpa i kyrkja. Dei kom frå kunsthandverksmestrane i Tyskland, alle vakkert utskorne. Truleg var det sju eller åtte alterskåp i kyrkja ved reformasjonsutbrotet, og tre av dei står der framleis.

Kyrkja vart også utstyrt med kannikstolar, også dei rikt dekorerte. Stolane gjekk dessverre tapt under ei oppussing på slutten av 1700-talet eller byrjinga av 1800-talet. Men i 1750 skildra biskop Nannestad dei  “..ligesaa udskårne som i Aarhus Domkirke, og kunstigere, med gammeldags Snitverk”.

Sjølv golvet må ha fått kyrkjelyden til å sperre opp auga. I koret var det teglfliser med grøn eller brun glasur, lagt i mønster, og andre plassar var det lagt steinheller. Skipet kan ha hatt tregolv. Dette var i så fall ikkje eit vanleg syn.

Under oppussingsarbeid er det i tillegg funne restar av kalkmålerier på delar av veggane i koret. Alt dette og meir til, tyder på at Svein Eriksson har hatt ein eksklusiv smak og høgt utvikla kunstnarisk sans. Kan hende var det på reisene nedover i Europa at han har henta inspirasjon til å innreie kyrkja slik?

Vart aldri erkebiskop

I koret var det teglfliser med grøn eller brun glasur, lagt i mønster. Det var ikkje eit vanleg syn i Noreg på 1400-talet. Foto: Sigrun Høgetveit Berg

Han må ha vore ein tiltrudd og sentral mann i den norske katolske kyrkja, for han hadde fleire verv og mykje nytta i både geistleg og politisk samanheng.

– Ein kan undre seg over kvifor ikkje Svein Eriksson vart utnemnd til erkebiskop etter Aslak Bolt døydde. Han hadde beviseleg vilje og evne til å byggje kyrkja både organisatorisk og fysisk, og det var ikkje utenkjeleg at han var kandidat hjå kannikane i Nidaros. Truleg var han for politisk belasta til å vere ein kandidat både kongen og paven ville ha godteke, seier Sigrun Høgetveit Berg.

Svein Eriksson trekkjer seg attende frå sitt kall som dekan i Trondenes i 1480, og Trond Ivarsson overtek. Eriksson får då ein årleg pensjon.

I 1488 døyr Svein Eriksson, men framleis kan den som vitjar Trondenes kyrkje glede seg over det han medverka til av nydeleg interiør og eksteriør.

Les også:

Nord-Noreg vart ein utkant etter reformasjonen

Kjelder:

Berg, Sigrun Høgetveit: “Trondenes kannikgjeld – makt og rikdom gjennom seinmellomalder og reformasjon”. 2014. 

Lysaker, Trygve: Trondenes bygdebok. Harstad 1956.

 

Solhaug, Randi Merete
Publisert: 16.07.14 00:00 Oppdatert: 01.07.14 15:24
Vi anbefaler