Særmerkte hestehovud-funn ved buplass i Øvre Pasvik

Ved Steintjørna i Øvre Pasvik har arkeologane grave fram ein stor buplass med nokre særmerkte funn. Mellom anna to hestehovud i bronse.
Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 11.04.14 00:00 Oppdatert: 11.04.14 08:04

hestehovud
Foto: Bjørn Hatteng

Hestehovuda er på høvesvis 1,5 og 2 centimeter og har truleg tilhøyrt same smykket (sjå bileta). Dei vart likevel ikkje funne saman, men ved to ulike eldstader, om lag 60 meter frå einannan.

- Det er svært spennande funn, seier arkeolog Sven-Donald Hedman ved Senter for samiske studium.

Hunters in transition

Hedman står saman med arkeolog Bjørnar Olsen bak forskingsprosjektet Hunters in transition, som i to sesongar no har grave ved Steintjørna.

- Det er ein buplass med heile 8 rektangulære eldstader, som alle ligg med omlag 10 meters mellomrom langs ei rett line i landskapet. Slik utforming er typisk for samiske buplassar frå tidleg mellomalder [oml. 1000-1300] , og me finn dei mange stader.

- Men denne er svært stor, med eldstader på omlag 1,5 x 2 meter, og har i tillegg særmerkte funn.

Buplassane voks fram samstundes med at andre tydelege endringar gjekk føre seg i den samiske kulturen, knytt til gravskikkar, gravgods, ofringar og rituelle praksisar.

hestesmykke
Hestehovuda har truleg tilhøyrt eit slikt smykke. Etter Kivikoski 1973, fotograf ukjend.

Med utgangspunkt i eldstadene er målet med forskingsprosjektet å forstå korleis og kvifor denne omstruktureringa av samisk busetjing og buplassar gjekk føre seg, og korleis den er knytt til andre endringsprosessar i samiske og omkringliggjande samfunn.

- I Steintjørna har me også grave fram ei oval skålvekt i bronse og bly, brukt for handel med sølv, og her er uvanleg mykje ubrent beinmateriale. Til saman 5 kg bein - mesteparten frå rein, men også sauebein, noko som er svært sjeldan å finne frå denne tida, seier Hedman.

Med seg i prosjektet har arkeologane også naturvitarar med kompetanse på DNA-analysar, osteologi [knokkelekspertise] og miljøarkeologi. 

- Med feltarbeid også i Sverige er det eit grenseoverskridande prosjekt, som det diverre er aldeles for få av, seier Hedman.

Austlege hestehovud?

Hestehovuda har truleg eit austleg opphav, og det næraste liknande funnet er i ei grav sør i Finland.

- Det er jo ikkje sikkert at det er hestehovud, men det er i alle fall ei typisk form av dyr som finst på samiske offerplassar, seier Hedman.

- Det interessante med vårt funn er nettopp at det ikkje er ei grav eller ein offerplass - men ved ein eldstad ved ein buplass. Saman med det store beinmaterialet gjer dette Steintjørna til ei spennande utgraving som me ser fram til å analysere, avsluttar han.

utgraving
Frå utgravinga ved Steintjørna i Øvre Pasvik. Foto: Bjørnar Olsen

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 11.04.14 00:00 Oppdatert: 11.04.14 08:04
Vi anbefaler