Lyser ut masterstipend innanfor opplevingsnæringar

Forskingsprosjektet "Reason to return" lyser no ut heile 8 mastergradsstipend. Gjennom eit nært samarbeid med næringslivsaktørar og forskarar vil studentane få eit breitt nettverk rundt masterarbeidet sitt.
Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 09.04.14 00:00 Oppdatert: 09.04.14 15:05

Forskingsprosjektet er eit samarbeid mellom UiT, Agderforsking, Usus-klyngen og Hurtigruten, og dei vender seg no til masterstudentar som er interesserte i å studere nyskaping innanfor kultur- og reiselivsnæringane.

Det er etterkvart mange aktørar innan opplevingsnæringane i nord, men mange av dei er små. Her frå Trænafestivalen. Foto: Britt Kramvig

- Stipenda er retta mot studentar på samfunnsplanlegging og kulturforståing og tourist studies her ved UiT og ved Handelshøgskolen ved Universitetet i Agder, seier førsteamanuensis Anniken Førde.

Ho og professor Britt Kramvig er UiT sine forskarar i prosjektet.

Unikt tilbod

- Det unike med dette tilbodet er både at det er så mange stipend - som gjer at studentane får eit stort studienettverk rundt seg.

- Men i tillegg skal dei også samarbeide nært både med oss forskarane og ikkje minst dei næringsaktørane som er med, seier Førde.

- Og studentane får i stor grad vera med og forme masterprosjekta sine sjølve.

Få store aktørar i nord

Det er få store reiselivsaktørar i nord, difor synest Førde det er ekstra gledeleg at ein av dei som har økonomiske musklar - Hurtigruten - går inn med pengar i forskingsprosjektet.

- Dei store går inn for å vera med å forske på dei mange små, seier ho.

- Men mykje av nyskapinga skjer i det små. Mange av desse små er også innhaldsleverandørar til Hurtigruten, og det vitnar om at Hurtigruten er ein seriøs og interessert aktør som vil vera med og utvikle produkta sine.

Interessert i stipend? Les meir her. Søknadsfristen er 15. april.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 09.04.14 00:00 Oppdatert: 09.04.14 15:05
Vi anbefaler