Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Politikk mellom to polar

Polarforskingsmiljøet i Tromsø er stort og produktivt - også innanfor humaniora og samfunnsvitskapane. No set dei i gang med å skrive historia om norsk polarpolitikk - frå 1870 og heilt fram til 2014.

Sigrun Høgetveit Berg 17.12.2012 13:45   (Sist oppdatert: 18.12.2012 15:20)
Historikarane Einar-Arne Drivenes (t.v.) og Stian Bones er to av redaktørane i "Norsk polarpolitikk". Foto: Sigrun Høgetveit Berg.

- Det skal vera ei heilt oppdatert bok med forsking også om den aller nyaste tida, til dømes dagens nordområdesatsing, fortel to av redaktørane, Einar-Arne Drivenes og Stian Bones.

- Det var Jonas Gahr Støre som utfordra oss, då han i si tid her i Tromsø fekk overrekt Into the Ice, den engelske utgåva av Norsk polarhistorie.  "Skriv om polarpolitikken også", sa han, så då skal me no gjera det, smiler Drivenes og Bones.

Dei er begge historikarar, men med seg på laget har dei også statsvitarar, og i tillegg til Universitetet i Tromsø er prosjektet drive fram av forskarar frå Norsk Polarinstitutt (NP), Fridtjof Nansens Institutt (FNI) og Universitetet i Stavanger (UiS).

Bokprosjektet skal ha ei fagleg referansegruppe sett saman ikkje berre av forskarar, men også av andre som har vore engasjert i feltet, som journalistar og folk frå embetsverket. Med seg som redaktørar har Drivenes og Bones Harald Dag Jølle (NP) og Hallvard Tjelmeland (UiT), og i tillegg skal også Njord Wegge (FNI) og Roald Berg (UiS) vera forfattarar.

4 millionar frå Utanriksdepartementet

Polarpolitikkprosjektet har vore arbeidd med i lang tid, men det var ei firemillionars løyving frå Utanriksdepartementet no rett før jul som var utløysande for at redaktørane no kan vera sikre på at bokverket - ferdig trykt - er fullfinansiert.

- Me kunne godt ha skrive ei bok om polarpolitikk basert på den kunnskapen me har til no, men då ville det vore fleire område me ikkje kunne dekt. No får me pengar også til nødvendig ny grunnforsking, seier Drivenes.

- Odd Gunnar Skagestad si bok Norsk polarpolitikk: hovedtrekk og utviklingslinjer 1905-1974 frå 1975 har til no vore den einaste samla framstillinga av emnet. Det er på høg tid med ny kunnskap, og det er svært kjekt å difor også ha med Skagestad i referansegruppa vår, seier Drivenes.

Breitt tematisk, geografisk og kronologisk

I tillegg til at det nye verket om norsk polarpolitikk tek for seg dei 40 åra etter Skagestad si bok, vil slutten av 1800-talet også bli belyst. Den norske politikken både i Arktis og Antartktis blir sjølvsagt undersøkt, og tematikken vil spenne vidt både i nord og sør.

Boka skal etetr planen koma ut i 2015, i parallellutgåve på engelsk og norsk.





UiT på twitter