Noam Chomsky i fri dressur
Noam Chomsky snakka i over to timar om den politiske situasjonen i Midt-Austen. USA fekk ikkje uventa gjennomgå.
![]() |
| Noam Chomsky - svært populær. Alle foto: Sigrun Høgetveit Berg. |
Billettane til Noam Chomskys politiske føredrag vart rivne bort på 10 minuttar. Arrangørane lova ståplassar til dei første 80 som møtte opp på kvelden - og meir enn 600 publikummarar fekk såleis høyre den akademiske superkjendisen i fri dressur. Dei vart ikkje skuffa - han var kritisk og klar.
Dilemma og utfordringar i Midt-Austen
Lingvisten Noam Chomsky er i Tromsø for å feire CASTL sine ti første år, og rektor Jarle Aarbakke takka Chomsky for den støtta han har gjeve CASTL og universitetet heilt frå oppstarten. Men det var ikkje lingvisten Chomsky publikum hadde kome for, men den poltiske debattanten som skulle snakke om "Middle East Dilemmas - Simple Solutions, Difficult Obstacles".
- A title that never fails, sa Chomsky, då han skulle forklare kvifor han hadde valt nettopp dette temaet.
![]() |
| Chomsky, prorektor Curt Rice og lingvistar ved CASTL som Chomsky var kome for å feire. |
Med ein kunnskasmetta analsye, i eit svært direkte språk, gav han til kjenne sin analyse av kvifor situasjonen er som han er i Midt-Austen. Kritisk til Israel, men endå meir til sitt eige heimland USA sin opportunistiske utanrikspolitikk og hykleri i Midt-Austen. Og han meinte det ikkje var særleg betre med ein fredsprisvinnar ved roret.
- Alle amerikanske presidentar har i alle fall kome litt lenger i å handtere konflikten mellom Israel og palestinarane - til og med Bush junior sette foten ned, då Isarel ville eksportere våpen til Kina. Men Obama er den første presidenten til å akseptere alt som kjem frå Isarel, meinte Chomsky.
EU og andre statar, Noreg inkludert, fekk også gjennomgå for si manglande evne til å tala med ei sjølvstendig utanrikspolitisk stemme.
![]() |
- Kvifor er alle redde for Iran når me snakkar om atomvåpen, når det er Israel som er hovudproblemet, spurde Chomsky, og la til at Universitetet i Tromsø var eit "spesielt og unikt unntak" som kunne vera stolt av å ha gjeve æresdoktorat og jobbtilbod til Mordechai Vanunu, den israelske atomteknikaren som avslørte Israels atomvåpenprogram.
Og la til at han meinte løysinga på konflikten mellom Israel og palestinarane ikkje er så vanskeleg.
- Det er ikkje verre enn det var å løyse apartheid-konflikten i Sør-Afrika. Det er eigentleg ei overveldande internasjonal semje om diplomatiske løysingar, som med små justeringar vil kunne la seg gjennomføre. Den rettslege situasjonen er så klar som det er mogeleg å få til på den internasjonale arenaen. Det er berre eitt problem - USAs motstand, og EU sin også.
Kva inspirerer Chomsky?
Etter ein god times foredrag mangla det ikkje på spørsmål. Og Chomsky svarte like sjølvsagt, sjølvsikkert - og grundig - på alt frå økonomi, historie, sikkerheitspolitikk og kjernefysikk. Slik er det når ein har ført intellektuelle samtalar med heile verdssamfunnet i titals år.
Akademisk boikott av Israel - eit aktuelt tema i Tromsø - hadde han lite til overs for.
- Våpenboikott og boikott av israelske produkt er ein ting, det er noko ganske anna å boikotte israelske universitet.
- Aktivistgrupper må alltid spørja seg; korleis hjelper me offera? Korleis hjelper me dei og ikkje skadar dei? Då er det andre ting det er viktigare og meir effektivt enn å boikiotte israelske universitet. Dessutan - kvifor då ikkje boikotte Harvard? USA er verre.
![]() |
| Noam Chomsky og Mads Gilbert - gjensidig beundring. |
Etter godt over to intense timar vart seansen avslutta, med mange ustilte spørsmål i salen. Men sistemann som fekk mikrofonen var Mads Gilbert, som spurte kva som inspirerte Chomsky - etter eit langt liv som intellektuelt førebilete i akademia - til vidare arbeid og engasjement.
- People like you! svara han.
.jpg)
.jpg)
.jpg)
.jpg)



