Polar bokkafe. Då skal historieprofessor Einar-Arne Drivenes dele med publikum ei av favorittbøkene sine; John Giævers Hardbalne polarkarer." /> Polar bokkafe. Då skal historieprofessor Einar-Arne Drivenes dele med publikum ei av favorittbøkene sine; John Giævers Hardbalne polarkarer." />

Hardbalne polarkarar på bokkafe

Torsdag er det duka for ramsalte historier frå isen på Polar bokkafe. Då skal historieprofessor Einar-Arne Drivenes dele med publikum ei av favorittbøkene sine; John Giævers Hardbalne polarkarer.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 27.08.12 00:00 Oppdatert: 27.08.12 14:40

Boka kom ut i 1957 og vart trykt i heile sju opplag. Ho er ein av Giævers største suksessar, full av “barokk humor og gapskratt, med ømhet og medkjensle" og blir ofte plassert i tradisjonen frå Zapffes Vett og Uvett til Asbjørn Dybwad og Arthur Arntzen.

- Denne boka er ein del av den nordnorske skrønetradisjonen som er prega av overdrivingar, grovkorna komikk og som er morosam inntil det hysteriske, fortel Drivenes.

- Men litteraturvitarar ser også Giævers forfattarskap i ein breiare samanheng kor også hans faglitterære forfattarskap og yrkeserfaringane hans frå polarstroka blir trekte inn, legg han til.

Allsidig forfattar

John Giæver var fødd i Tromsø i 1901, arbeidde ei tid i Tromsø Stiftstidende og Vesterålens Avis. Han var fangstmann og ekspedisjonsleiar på Aust-Grønland og sekretær ved Norges Svalbard- og Ishavsundersøkelser (NSIU), det som i dag er Norsk Polarinstitutt.

Etter krigen leidde han Maudheim-ekspedisjonen til Antarktis (1949-1952), og dei siste ti åra av livet, frå 1960 til 1970, var han forfattar på heiltid. Han utgav 26 titlar; romanar, ekspedisjonsrapportar, reiseskildringar og erindringsbøker.

I Store norske leksikon oppsummerer litteraturvitar Nils Magne Knutsen forfattarskapet slik:

“På sitt beste forteller John Giæver med journalistisk driv og med friskt humør, med inngående sakkunnskap om dyreliv og naturforhold i polare strøk, og med fin poetisk nerve, særlig i naturskildringene.”

Polar bokkafe ein gong i månaden

Polar bokkafe blir arrangert ein gong i månaden av Norsk Polarinstitutt. Målet er å vise fram dei mange skattane i biblioteket på polarinstituttet, og til kvar kafe er ein gjest vorte utfordra til å fortelja om si favorittbok.

Denne hausten ser resten av programmet slik ut:

  • 27. september: Martha Otte
  • 1. november: Narve Fulsås
  • 6. desember: Hallvard Holmen
Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 27.08.12 00:00 Oppdatert: 27.08.12 14:40
Vi anbefaler