Snøens tause språk er viktig for ei bærekraftig reindrift

Inger Marie Gaup Eira syner i si ferske doktoravhandling korleis samisk tradisjonell kunnskap om snø er viktig for ei bærekraftig reindrift. 318 ulike begrep i Guovdageaidnu-dialekta om snø i høve til reindrift talar sitt tydelege språk.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 29.05.12 00:00 Oppdatert: 29.05.12 13:33

Inger Marie Gaup Eira på feltarbeid. Foto: Privat.

Gaup Eira si avhandling er ei språkleg undersøking med eit tverrfagleg perspektiv om snø, samisk språk og reindrift.

- Eg har undersøkt forståinga og bruken av samiske snøbegrep relatert til reinens beitetilhøve i ei tid kor klimaendringane påverkar arktiske urfolk.

- Og eg har brukt språkvitskaplege og naturvitskaplege metodar og inkludert reindriftas tradisjonelle kunnskap, fortel Eira.

318 begrep om snø og reindrift

I Guovdageaidnu blir det brukt 318 samiske begrep om snø og reindrift. Desse inneheld faktorar som påverker beitekvaliteten og velferda til reinen og reingjetarens arbeid med flokken.

- Nokre av begrepa inneheld fysiske eigenskapar og kan difor samanliknast med internasjonale snøklassifiseringar, medan andre snøbegrep har element knytta til ulike gjetestrategiar. Enkelte begrep er komplekse kategoriar som omfattar mange faktorar samtidig, til dømes informasjon om snøfysikk, ver, temperatur, stad, tid og påverknad frå dyr og menneske, seier Eira.

- Snøbegrepa er sentrale for det daglege arbeidet med reinflokken og utgjer viktige delar av reindriftsutøvaranes tradisjonelle kunnskap og fagspråk.

Språket viktig i overvårkinga av klimaendringane

Doktorgradsprosjektet til Eira har vore ein del av forskingsprosjektet IPY EALÁT, med utgangspunkt i Det Internasjonale Polaråret (IPY) 2007-08.

- Klimascenario indikerer at vintertemperaturar på Finnmarksvidda kan stige med 7 grader, noko som truleg vil påverke snø- og beiteforholda. Bruk av reindriftas fagspråk om snø i gjetinga av flokken og forvaltninga av næringa vil vera viktige for å følge og overvåke desse endringane i åra som kjem, seier Eira.

Reindriftas fagspråk og bærekraftig reindrift

Gaupe Eira meiner difor kunnskapen i reindriftsfagspråket er heilt avgjerande for ei bærekraftig framtidig reindrift.  

-  Reindrifta sitt eige fagspråk er systematisk spesialisert og med høgt presisjonsnivå når det kjem til skildringar av til dømes gjetestrategiar på snødekka mark, strategiar etter kriseår, arealbruken og reinens økologi. Dette dannar grunnlaget for korleis utøvarar tenkjer og utfører drifta si, difor meiner eg at språket, reindriftas fagspråk, dannar grunnlaget for den samiske reindrifta, og bør såleis vektleggjast sterkare i åra som kjem.

Det kan vera viktig å ta reindriftssamanes tradisjonelle kunnskap om til dømes snø og snøtilhøve meir aktivt i bruk i framtidas forvaltning av nordområda. Difor meiner Gaup Eira nasjonale tilpassingsstrategiar til framtidige klimaendringar må anerkjenne reindriftsutøvaranes tradisjonelle kunnskap og deira kulturelle og språklege rettar.

- Ulike kunnskapsformer bør inkluderast i forvaltninga av reindrifta, både reineigaranes erfaringsbaserte kunnskap og vitskapsbasert kunnskap, avsluttar ho.

 


 
 
 

 

 

 

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 29.05.12 00:00 Oppdatert: 29.05.12 13:33
Vi anbefaler