Dei nye lærarutdanningane satsar på praksis

I dei nye femårige lærarutdanningane blir det satsa i praksisfeltet. Det gjev positive resultat både for studentane og skolane.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 11.04.12 00:00 Oppdatert: 11.04.12 15:02

Thea Ringerike, Susanne Iversen og Dag Elvevold er fornøgde med dei nye lærarutdanningane. Foto: Sigrun Høgetveit Berg

Dei femårige integrerte masterlærarutdanningane er no godt inne i sitt andre år, og både studentar, utdanningane og skolane har etterkvart hausta ein del erfaringar - mange svært positive.

Mellom anna at studentane er spørjande, aktive og reflekterte, om ein skal tru tilbakemeldingane som kjem frå skolane etter at studentane har vore i praksis.

- Dei er bevisste. Dei har gjort val allereie før dei starta, og den låge fråfallsprosenten viser at desse studentane veit kva dei vil. Difor er dei òg aktive og deltakande i studiet, meiner praksiskonsulent Dag Elvevold ved Institutt for lærarutdanning og pedagogikk.

Studentane er med og formar den nye utdanninga

Både han og andreårsstudentane Thea Ringerike og Susanne Iversen er fornøgde med den nye lærarutdanninga på fem år.

- Det var difor eg valde Tromsø, seier Thea Ringerike, som kjem frå Lørenskog.

- Eg hadde alltid tenkt eg skulle til Tromsø, men denne utdanninga gjorde definitivt utslaget, seier Susanne Iversen frå Harstad.

Dei er begge i det første kullet av femårige lærarstudentar, og sjølv om dei såleis på mange vis er prøvekaninar, føler dei ikkje at dei kjem dårleg ut av det.

- Det gjev oss også høve til å påvirke - me kan vera med å forme vår eiga utdanning, og det er artig, seier dei.

Dedikerte praksislærarar

- Me er framleis i forminga av utdanninga og tar med oss tilbakemeldingane me får undervegs. Ingenting er hogd i stein, seier Elvevold.

- Satsinga vår i praksisfeltetet går både på å auke det reelle timetalet studentane får bruke i praksis, men me ser også på korleis me kan organisere og bruke ressursane i utdanningane på konstruktivt vis i høve til praksis.

Eit nytt grep er såkalla dialogkonferanse, der studentane, faglærarane på utdanninga og praksislærarane frå skolane møtest før studentane skal ut i praksis.

- Det var veldig positivt. Me gjekk gjennom ulike tema, og ikkje minst fekk me høve til å bli kjent med dei som skulle vera praksislærararne våre på førehand, fortel Iversen.

- Det er eit ledd i målet vårt om å skapa fleire møtepunkt og betre kontakt i praksisfeltet - mellom praksislærar, student og fag, seier Elvevold, som også trekkjer fram dei dedikerte prakislærarane i tromsøskolane.

- Praksislærarane er med i utforminga av utdanninga, i lærebokarbeid og dei er truleg dei best utdanna praksislærarane i landet. Av våre kring 80 faste praksislærarar har så å seia alle rettleiarutdanning. Dette er også takka vera Tromsø kommune si satsing - dei bidrar med støtte til frikjøp av lærarane sine, slik at desse får rettleiarutdanna seg, avsluttar Elveveold. 

Les også:

 

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 11.04.12 00:00 Oppdatert: 11.04.12 15:02
Vi anbefaler