Trekkfuglane kjem tidligare enn før

Sidan 1995 har mange trekkfuglearter komme tidlegare og tidlegare om våren. Dei lét seg lure av temperaturauken langs reiseruta si, men får seg ofte ein kalddusj når dei kjem til Nord-Noreg.
Solhaug, Randi Merete
Publisert: 09.03.12 00:00 Oppdatert: 22.01.18 08:56

Trekkfugl_stær2007_jumi_juli_022.jpg (Bredde: 180px)
Våren er enno langt unna i Troms, men staren er alt observert. Foto: Rob Barrett

Tromsø Museum – Universitetsmuseet (TMU) har samla opplysningar om kva tid trekkfuglane kjem om våren heilt sidan tidleg  på1970-talet.

Registreringane viser at fuglane i Troms omsider reagerer på klimaendringar, og at 38 av 42 trekkfuglarter kjem tidligare for kvart år.

– Fugler som kjem tidligare tek ein sjanse, seier førsteamanuensis Rob Barrett ved TMU.

– Dei kan rett nok erobre dei beste reirplassane, men det er ikkje sikkert dei har tilgang på nok mat. Viss dei kjem for tidleg er det lite insekt. Alt no er det observert tjeld og stare i Troms, men dei kan i det minste finne mat nede i fjøra. Då er det verre for arter som er meir avhengige av mygg og fluger – som lauvsongar og raudstrupe. Viss dei kjem for tidleg er det lite mat til dei, forklarar han.

Varmare langs trekkruta

Eit stort fleirtal av studiar lenger sør i Europa har avdekka at fugl alt for 30-40 år sidan begynte å returnere frå vinterområda tidlegare og tidlegare som respons til klimaendring.

På veg til og frå Nord-Noreg følgjer trekkfuglane to hovudruter; den eine langs kysten av Noreg og den andre nordover langs kystan(e) av Austersjøen og vidare over fjella frå Nord-Sverige.

– Vi i Nord-Norge har ikkje hatt dei største endringane i temperatur de siste 30 åra. Men lenger sør har det vore ein temperaturauke som gjer at trekkfuglane trur det er signal om at våren kjem tidleg. Då dreg dei gjerne nordover litt tidligare enn normalt. Det kan bokstavleg tala gi dei ein kalddusj.

video

God hjelp frå fuglevener

Sjølv om våren slett ikkje har komme til Troms enno, så nærmar han seg. Og kvar vår sidan 1970-talet har Tromsø Museum hatt god hjelp frå folk som har meldt inn fugleobservasjonar. Det har bidrege til at Rob Barrett no sit med verdfull informasjon om kva tid trekkfuglane kjem.

– Ja, vi har fått god hjelp frå folk langs fuglane si reiserute. Mellom 50-100 stykke brukar å rapportere inn observasjonar. Vi samarbeider også med Ornitologisk forening som sender inn skjema over observasjonar, fortel Barrett.

– Kan det ikkje hende dei observerer feil?

– Jau, det kan sjølvsagt hende. Eg lukar ut det eg meiner kan vere feil. Til dømes kan det vere eit eksemplar av ei art som overvintrar og på den måten lurer oss til å tru at den kom ekstra tidleg eitt år.

Han oppmodar fleire til å sende inn sine fugleobservasjoner på Tromsø Museums nettside. Her kan ein også lese korte omtalar om enkelte kjende trekkfuglar i landsdelen (i tekst, bilde, lyd) med beskriving av fuglane og tabellar som viser når dei vanlegvis kjem til landsdelen. Her finn du også resultata frå dei siste åra.

 

Du kan lese meir om trekkfuglar og anna spennande lesestoff i nyaste utgåve av Ottar (Nr. 1 2012).

Solhaug, Randi Merete
Publisert: 09.03.12 00:00 Oppdatert: 22.01.18 08:56
Vi anbefaler