Mykje av Nansen-biletet skapt gjennom litteraturen

Den mytologiske helten Fridtjof Nansen er i stor grad skapt gjennom litterære tekstar. Det hevdar litteraturvitar Silje Solheim Karlsen i si doktoravhandling.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 31.01.12 00:00 Oppdatert: 31.01.12 11:37

SiljeSolheimKarlsen2 (616x640).jpg (Studiekatalog (380px))

Silje Solheim Karlsen har studert
ulike litterære framstillingar av
Fridtjof Nansens Fram-ekspedisjon.
Foto: Sigrun Høgetveit Berg

- Og det er særleg interessant å sjå korleis han bevisst er med og byggjer dette biletet sjølv, gjennom eigne tekstar, seier Solheim Karlsen.

Fire ulike type tekstar

Solheim Karlsen har studert fire ulike litterære framstillingar - eller representasjonar - av Nansens "Fram"-ekspedisjon frå 1893 til 1896.

Først hans eigen Fram over Polhavet (1897), ei dokumentasrisk reiseskildring. Deretter "andreposisjonsskildringane" frå dei andre ekspedisjonsdeltakarane; Otto Sverdrup (1897), Hjalmar Johansen (1898) og Bernhard Nordahl (1898).

Børge Ousland gjekk i Nansens fotspor nordover, og hans I Nansens spor (2008) er i følgje Solheim Karlsen ei såkalla "second journey"-forteljing, og den siste kategorien er dei skjønnlitterære framstillingane - frå Aase Kristofersens roman Skrugard frå 1927, via Kåre Holts Vandringen (1986), Tor Bomann-Larsens teikneserie Fridtjof og Hjalmar (1986), Klaus Rifbjergs Nansen og Johansen. Et vintereventyr (2002) og fram til skodespelet Polar av Kyrre Andreassen frå 2003.

Nansen-mytologien står støtt

- Den mytologien som vart bygt opp rundt Nansen står støtt gjennom den samtidige og seinare dokumentarlitteraturen - til og med gjennom dei få spora av kritikk som var, til dømes hos Bernhard Nordahl. Fem av seks bøker oppvurderer Hjalmar Johansen til den viktigaste personen på ekspedisjonen, og dette gjer Nansen litt mindre, men ikkje mykje.

- Også skjønnlitteraturen er ein del av den same mytologiske heltediskursen, sjølv om ein kanskje kunne vente at dei avveik noko meir - dei står trass alt friare.

- To, kanskje tre, av dei skjønnlitterære framstillingane antyder eit homoerotisk samband mellom Nansen og Johansen, så det finst korrigerande stemmer til mytebiletet, men dei har på ingen måte skapt ein ny diskurs, seier Solheim Karlsen.

SiljeSKFram (640x428).jpg
Silje Solheim Karlsen ser på biletet av "Fram", på
Universitetsbiblioteket si utstilling "Mytene rundt
Fridtjof Nansen". Foto: Sigrun Høgetveit Berg

Nytt syn på Nansen

- Og Nansen blir jo ikkje noko mindre for det. Om Rifbjerg brukar det homoerotiske for å utfordre vårt bilete av Nansen, seier det meir om oss og vår samtid, enn om Nansen, meiner Solheim Karlsen, som seier ho har fått eit nytt og nyansert bilete av Nansen gjennom avhandlingsarbeidet.

- Han var jo også ein stor vitskapsmann, og ein svært god forfattar. Tekstane hans står seg godt - Fram over Polhavet er ei klassisk reiseskildring, men likevel så utypisk for samtida med bevisste sjangergrep, eit moderne språk og ei subjektiv og personleg stemme.

Har utvida Nansen-forskinga

Silje Solheim Karlsen har vore med i det tverrfaglege forskingsprosjektet "Arktiske diskurser", der analyse av reise- og ekspedisjonsskildringar om og frå nord har vore eit sentralt forskingstema.

- Både historikarar og biografar før meg har sett at tekstar har vore med og skapt bileta av Nansen, medan eg er mest oppteken av korleis tekstane og litteraturen skapar slike bilete. Det er mitt bidrag til Nansen-forskinga, avsluttar Solheim Karlsen.

Sjå heile avhandlinga i Munin.

Berg, Sigrun Høgetveit
Publisert: 31.01.12 00:00 Oppdatert: 31.01.12 11:37
Vi anbefaler