Mangfaldig og aktuelt islam-seminar i Tromsø
8. og 9. desember blir islam i offentlegheita presentert og debattert i Tromsø. 22. juli, den såkalla moskesaka i Tromsø og forskarane si rolle i den offentlege debatten er tre av mange aktuelle tema som står på dagsordenen - med lokale og internasjonale innleiarar.
Seminaret er i regi av forskarskulen CEPIN, og arrangørane kan skilte med professor Mattias Gardell, seniorforskar Alexa Døving og professor Tim Jensen på innleiarlista.
- Me er veldig fornøgde med å ha fått akkurat desse tre til å koma - same dag. Dei er dyktige forskarar og strålande førelesarar, seier professor i religonsvitskap, Siv Ellen Kraft.
![]() |
| Alexa Døving |
Fag og film
Torsdag den 8. blir det på dagtid tre faglege innleiingar.
Alexa Døving er seniorforsker ved Holocaust-senteret og har dei siste åra publisert ei rekkje artiklar om mellom anna hijab-debattane, religiøse leiarar, islamofobi, og om religion i forhold til migrasjons- og integreringsproblematikk. Innleiinga hennar har tittelen: ”Det handler om å være herre i eget hus”. Moskesaka i regionsavisa Nordlys.
Tim Jensen er professor i religionshistorie ved Odense Universitet og har brei erfaring frå religion og media-feltet, islam i Danmark og religionspedagogikk. Han skal prate om religionsforskarens mogelege roller i offentleg debatt om religion og islam: "Respekteret ekspert, meningsmager, charlatan, løgner, ateist, anti-kristen og ”muslim-lover”".
![]() |
| Mattias Gardell |
Mattias Gardell er også professor i religionshistorie, ved Stocholms Universitet, og skal ta for seg islamofobi. Han er ein profilert bidragsytar til feltet religion og politikk. Hanhar i arbeidet sitt vore særleg opptatt av ekskluderingsmekanismar som rasisme, antisemittisme og islamofobi. tek for seg islamofobi. Han har i år kome med boka Islamofobi, med eit eige kapittel om militante anti-islamske straumdrag, skrive i kjølvatnet av 22.7.
På kvelden stiller dei same innleiarane til debatt, med innleiande føredrag av Gardell: "Attentaten i Oslo 22.7: korsfarardrömmar och den militant antimuslimska högern". Deretter blir det førpremiere på den iranske filmen “Nader and Simin – A Separation”, regi Asghar Farhadi.
Islamkritikk og anti-islamsk retorikk
Fredag 9. held seminaret fram med føredrag av to UiT-forskarar.
Stipendiat Jonas Jakobsen, CEPIN/Institutt for filosofi, spør om respekt for muslimar er foreinleg med kritikk av islam. I doktorgradsarbeidet sitt diskuterer Jakobsen sekulære/ikkje-religiøse solidaritetsforståingar, som demokrati, anerkjenningar og toleranse, i lys av den europeiske islam-debatten, deriblant karikaturstriden, den franske hijab-debatten og den norske offentlegheita etter 22.7.
Professor Siv Ellen Kraft, Institutt for historie og religionsvitskap, skal snakke om den kristne kulturarven – "fra skolepolitisk integreringsredskap til anti-islamsk retorikk”. Kraft er fagleg leiar for CEPIN, og forskningsområda hennar omfattar nyreligiøsitet og samtidsreligiøsitet, deriblant forholdet mellom religion og media.
.jpg)




