Utdanningsprisen 2013 er tildelt Henning Sollid ved HHT

Studentane omtalar undervisninga til Henning Sollid ved HHT som «LOVELY», og han er tildelt årets utdanningspris for å levere undervisning av ypparste klasse. Prisen vart utdelt av Prodekan Monica Sundset under årets mastergradavslutning.

Sandberg, Stig
Publisert: 12.06.13 00:00 Oppdatert: 12.06.13 12:37

Av Kari Tveit

Målet med å tildele utdanningsprisen er å gi anerkjennelse til miljø eller personar som har utmerka seg med tanke på å legge tilhøva godt til rette for studentane si læring, og i tillegg være ein inspirator for andre med tanke på auka innsats for betre læringsmiljø.

Tiltak som har bidrege til styrking og profilering av undervisnings- og læringsaktiviteten gjennom særlig god undervisning eller andre læringsstimulerande tiltak for studentane, vert vektlagt.

- Årets vinnar av utdanningsprisen er sjølve årsaka til at så mange studentar vel rekneskap på bachelor og master nivå ved Handelshøgskulen i Tromsø, sa prodekan Monica Sundset under utdelinga.

Ifylgje Sundset kan rekneskap kanskje av mange oppfattast som eit kjedeleg fag å studere, men på tross av mykje undervisning og rettleiing klarer vinnaren av årets utdanningspris likevel å levere undervisning av ypparste kvalitet.  Ho framheva også at studentane omtalar Henning Sollid som kunnskapsrik og engasjert, og han får veldig gode tilbakemeldingar i evalueringane.

- Ein av studentane brukte berre LOVELY som sin kommentar i evalueringa, sa Sundset i sin tale til prisvinnaren.

Årets vinnar av utdanningsprisen har filma videosnuttar til alle steg i læringsprosessen i eit av sine undervisningsemner, og som leiar for rekneskapsgruppa har han lagt til rette for engasjement i vidare utvikling av faget og i utdanningstilbudet ved Handelshøgskulen.

Studentane omtalar undervisninga til årets vinnar av utdanningsprisen som «LOVELY»

Sandberg, Stig
Publisert: 12.06.13 00:00 Oppdatert: 12.06.13 12:37
Vi anbefaler